SUPERHELG!

Det blir mykje aktivitet i sentrum og på Høddvoll under Smak av Ulstein i helga. Sjå kva som skjer her!

NM G16: Hødd - Rosenborg BK laurdag kl. 13.30

Laurdag spelar vårt lovande G16 lag 3. runde i NM mot sjølvaste Rosenborg BK på Høddvoll. Dette er siste regionale runde før laget går ut i nasjonale runder. Trenar for G16 Tom Mahlins er offensiv i tankegangen før kampen og vil sende ut på eit lag som skal ha gode moglegheiter til å sjokkere laget frå Trondheim.  Det blir open kiosk, speakerteneste, visning av kampen på storskjerm og musikk på anlegget. Det blir ein spanande kamp å følgje og vi håper laget tek seg vidare til 4. runde i NM!

3-er fotball og "tverra-konkurranse"

Frå kl. 15.30 vil det bli arrangert 3-er kampar med mix av spelarar frå J11 og G11 i Saunesosen. Kampane vil halde fram til ca. kl. 16.15.

Etter dette vil det bli arrangert "tverre-konkurranse" med flotte premiar. Alle får 3 forsøk og dei av deltakarane som treff går vidare. Utslagsmetoden. Slik held vi fram på heilt til det står att en vinnar.

Hødd - Arendal søndag kl. 18.00

Søndag tek Hødd i mot Arendal til toppkamp på Høddvoll kl. 18.00! Ei perfekt avslutning på Smak av Ulstein. Vi håper du tek turen til Høddvoll og støttar laget til nye tre poeng. 

Annonse: