SUNNMØRE MÅLLAG

Hødd – språkleg og sportsleg førebilete!

TALE VED UTDELINGA AV MÅLPRISEN 2019

Då eg gjekk på gymnaset i Volda rundt 1960, var det vanleg at nokre gutar og nokre få jenter frå Ytre Søre kom dit for å ta examen artium, som det heitte då. Nokre av dei har seinare fortalt meg at det for dei på den tida var som å kome til det moderne Noreg. Sidan det har biletet og røyndommen endra seg monaleg. Det er vel få stader me finn meir typiske representantar for det moderne, pulserande og dynamiske Noreg enn i kommunane på Ytre Søre, ikkje minst i Ulstein.

Men på i alle fall eitt felt var Ulstein alt i 1960 komne mykje lenger enn både voldingar og ørstingar. På fotballfeltet. Då Hødd i 1965 med berre sunnmøringar på laget rykte opp i eliteserien, var det eit sjokk ikkje berre for fotballinteresserte, men for heile det idrettsinteresserte Noreg. «Heimealne» gutar som Kjetil og Hallbjørn Hasund, Magne Fylling, Jon Gjerde og fleire vart stjerner og lokale kjendisar, endå om det ordet ikkje fanst då, ikkje eingong i nynorsk. Hødd vart ein banebrytar og eit førebilete, ikkje berre på Sunnmøre, men i heile Fotball-Noreg. Dei hadde vist at ein ikkje trong vere frå dei større byane og snakke oslo-, bergens- eller trønderdialekt for å hevde seg. 

Det er heldigvis ikkje berre på idrettsarenaen Hødd kan stå som eit føredøme for andre klubbar. «Stolt – audmjuk – inkluderande». Dette er visjonen og verdigrunnlaget i Hødd, og den som er stolt, tek vare på seg sjølv, sin eigen identitet. Det inneber å ta vare på språket sitt, for språk og identitet er einegga tvillingar. Dette har idrettsleiarane i Ulsteinvik forstått.

I dei åra eg var styreleiar i Sunnmøre Mållag, heldt me mange styremøte i klubbhuset på Høddvoll. Eg trong ikkje meir enn stige inn døra før eg kjende at her sat ein særprega atmosfære i veggene. Skal me kalle det Hødd-ånd? Eg merka på folk me møtte, at dei var stolte av klubben sin. Og ikkje minst. På ei stor golvmatte rett innafor døra lyste det mot oss «Hødd – Noregsmeister 2012». Smak på den. Noregsmeister. Kor ofte treffer du på Noreg i norske idrettsorganisasjonar? Tak også med at Hødd ikkje har døypt om seg sjølv. Laget heiter framleis IL Hødd, Idrottslaget Hødd. Det er språk- og kulturrøkt i staden for «modernisering».

I alle sunnmørskommunar bortsett frå Ålesund er styrings- og opplæringsmålet nynorsk. Slik er det dessverre ikkje i alle idrettslag i dei same kommunane. Årsaka er neppe motvilje mot eige språk og eigen dialekt. Årsaka er heller at så godt som alt sportsstoff i riksmedia og i dei sentrale idrettsorganisasjonane er på bokmål. Difor fortener Hødd og dei andre idrettslaga som nyttar nynorsk, takk og honnør.

Det som gjer Hødd særskilt kvalifisert til denne prisen, er at nynorsken deira også er nesten lytefri. Og «nesten lytefri» er ein stor kompliment i ei tid der respekten for korrekt språk er som vasstanden ved fjøre sjø. På lågmål.

Hødd fyller i år 100 år. For målprisnemnda i Sunnmøre Mållag er det  - for å bruke ein klisjé – både ei glede og ei ære å få gratulere laget med denne målprisen.

På diplomet står:

Sunnmøre Mållag gjev MÅLPRISEN 2019 til Idrottslaget Hødd I motgang, i medgang, med målet mot mål.

Einar Warholm (leiar IL Hødd), Per Arve Moldskred (dagleg leiar fotball) og Linda Håberg ( leiar handball) tok i mot prisen på vegne av Hødd.

I nemnda for målprisen sit: Hilde Osdal, Volda Mållag
Terje Aarset, Ørsta Mållag, Terje Kjøde, Ørsta Mållag
Annonse: