STØTTEAPPARAT TIL DAMELAGET KLART

Det er ei glede for IL Hødd Fotball å kunne presentere teamet som skal vere rundt a-laget for damer i år.

Etter fleire år med Ole Per Kragset som hovudtrenar, vert i år Henrik Breimyr og Torbjørn Rekdal hovudtrenarar for Hødd sitt a-lag. I tillegg vert Geir Sundal med i trenarteamet. Kalle Strandabø vert også med vidare i arbeidet med damefotballen og Kirsten Nordmo vert med vidare som lagleiar. Det betyr at vi får eit team med mykje erfaring og kompetanse.

Ein vil starte opp i januar der jentene frå a- og rekrutt-laget trenar saman. Etter kvart vil ein plukke ut ein a- og ein rekrutt-stall. Det sportslege målet er at a-laget skal kunne vere med og kjempe om opprykk til 2. divisjon, medan rekrutt framleis skal vere ein god utviklingsarena for dei som ikkje er på a-laget.

Utviklingsansvarleg for damefotballen i Hødd, Jesper Törnquist, er også godt nøgd at teamet er på plass: - Vi er svært nøgde med teamet vi har fått på plass og vi arbeider med å bygge ut teamet rundt damefotballen ytterlegare. Vi har som ambisjon å utvikle og heve nivået på alt rundt damefotballen i 2018 og no har vi fått på plass noko av det viktigaste. Damelaget skal vere flaggskipet på Søre Sunnmøre i åra framover og vi skal løfte jente- og damefotballen ytterlegare.

Spørsmål kan rettast til Jesper Törnquist på telefon 472 00 004.

Annonse: