STOR KAMPAKTIVITET PÅ HØDDVOLL

Denne helga blir det fotball frå morgon til kveld på Høddvoll. Sjå kampoversikta her!

Denne helga kjem Bergsøy, Hano, Hareid og Træff på besøk til Høddvoll. Det blir derfor stor kampaktivitet og mykje god fotball i vente. 

Hano og Træff er i UIsteinvik denne helga på treningssamling. Vi ønskjer begge laga velkomne til Høddvoll!

Laurdag skal Hano sitt damelag skal spele mot eit blanda lag beståande av spelarar frå damelaget og J16. Litt seinare på dagen er det vårt G17 lag som skal i aksjon mot herrelaget til Hano. 

Søndag blir det kamp frå morgon til kveld på Høddvoll når a-lag herrer og dame, Hødd 2 og G16 skal i aksjon. Sjå oversikta lenger nede i saka!

Det er derfor mange flotte kampar å få med seg denne helga.

Det blir også lagt opp til speakerteneste og kiosk heile søndagen.

STOR KAMPAKTIVITET PÅ HØDDVOLL

Laurdag:
11.00 Hødd Dame rekrutt - Hano damelag
16.00 Hødd G17 - Hano
 
Søndag:
11.00 Hødd damelag - Træff damelag
14.00 Hødd G16 - KBK G16
16.00 Hødd - Bergsøy
18.30 Hødd 2 - Hareid

 

Annonse: