STILLINGSANNONSE - HØDD FOTBALL

Hødd Fotball søker regnskaps- og økonomimedarbeidar i 50% stilling.

Regnskaps- og økonomimedarbeidar Hødd Fotball – 50% stilling
Vi søker ein lærevillig regnskap- og økonomimedarbeidar som har interesse for drift og regnskapsføring av idrettslag. Du har gode kunnskapar og interesse for regnskap og økonomistyring. Du er pro aktiv, sosial og byggar lett gode relasjonar.
Du kan ha relevant arbeidserfaring eller vere nyutdanna med bachelor i regnskap og revisjon, eller økonomi og administrasjon. Du er forretningsorientert og blir trigga av å skape og vidareutvikle ein vinnerkultur saman med andre. 
Du er god til å kommunisere, både skriftlig og muntlig.
 
Arbeidsoppgåver:
Løpande regnskapsførsel og avstemming
Fakturering
Rapportering
 
Vi kan tilby:
Gode utviklingsvilkår og godt arbeidsmiljø
Fleksibel arbeidstid
Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
Moderne og effektive IT-løysingar
 
Søknadsfrist: mandag 20. Januar.
Søknaden sendes Hødd Fotball v/Per Arve Moldskred .
e-post : per.arve@hodd.no
 

Annonse fra Obos-ligaen: