Sterk 3-2 siger i serieopninga

Les referatet frå Hødd 2 sin sterke 3-2 siger mot Bergsøy fredag!

1. omgang

Fredag kveld tok rekruttlaget ein knallsterk bortesiger mot Bergsøy i serieopninga i 4. divisjon. Hødd 2 tok leiinga 1-0 etter eit flott angrep med flotte kombinasjonar av Johannes Sundgot og Isak Haanes - der sistnemnte satt ballen sikkert i mål med ei god avslutning. 1-1-målet kom like etter på ein corner. Dette var også resultatet til pause.

2. omgang

Etter sidebytte tok Bergsøy leiinga 2-1 på nok ein corner - etter eit akrobatisk brassespark av Frank Sverre Skorpen. Frå dette målet og ut kampen var Hødd 2 det førande laget - noko som gav utteljing etter kvart. Fyrst scora William Fjørtoft på eit innlegg frå Eirik Saunes, før Gustav Dimmen vart felt inne i 16-meteren og skaffa eit straffespark - som Eirik Saunes sette sikkert i mål. Bergsøy kasta alle mann i angrep mot slutten, men rekruttane stod i mot og vann til slutt 3-2!

Viser karakter

Hødd-trenar Sander Nyland gav følgande kommentar etter kampen: "Periodevis ein god kamp, men vi slit også i perioder mot eit godt Bergsøy-lag - som stod høgt på oss. Vi er fornøgd med at vi kjem tilbake etter å komme under 1-2 - det viser karakter. Etter 1-2-målet til Bergsøy presterer vi veldig godt - og fortjente å få dei to måla som gav oss sigeren. Mykje å bygge vidare på - og mykje vi kan lære av!".

Tropp

Sivert Olai Pieroth, Martin Mork Breivik, Aleksander Kostopoulos Rekdal, Andreas Malde Breimyr, Johannes Sundgot, Isak Skare Haanes, Elias Martin Flø, Eirik Franke Saunes, Wachirawut Phudithip, Peter Saunes Hasund, Håkon Botn Brautaset, Joakim Goksøyr Ulstein, William Fjørtoft, Sveinung Tilseth Sæterås, Gustav Brandal Dimmen, Petter Haddal Worren, Isak Skotheim og Sander Djupvik.
Annonse: