Steffen og Bendik har signert

Gutta frå Sande kommune har begge signert eitårskontrakter.

Dei har vore med på det meste i Hødd, og blir sentrale brikkar i det å bygge eit nytt lag.

— Sindre Eid
Steffen Moltu og Bendik Torset er klare for ein ny sesong i Hødd. Med det er to av dei mest rutinerte spelarane klare for å entre Høddvoll-matta i 2017. Til saman har dei to gutta frå Sande kommune snart 500 kampar i blåkvitt.

Trenar Sindre Eid var sjølvsagt ein nøgd kar etter at dei to erfarne spelarane var komt på plass:

- Dei er to lokale, erfarne og svoltne spelarar som blir viktige for oss. Dei har vore med på det meste i Hødd, og blir sentrale brikkar i det å bygge eit nytt lag. Viktige både på bana, samt viktige læremeistrar for dei unge spelarane som skal inn på laget både på kort- og lang sikt.

Mykje å revansjere

Steffen Moltu står med 248 kampar (18 mål) for Hødd. 30-åringen frå Gursken starta 21 OBOS-ligakampar i fjor, og fekk i tillegg tre innhopp. Han sa dette etter å ha signert:

- Eg er veldig klar til å slå hardt tilbake etter ein skuffande fjorårssesong både for meg sjølv og laget. Vi har mykje å revansjere! Med Sindre inn som hovedtrenar veit vi kva vi får, og eg er forberedt på å legge ned ein tøff jobb. Så gler eg meg også til å jobbe med Arild Sundgot. Det vert ein spennande sesong med beintøffe kampar.

Etter eit par år der eg har hatt nokre småskader samt ein operasjon som tok tid å restituere, er eg supermotivert.

— Bendik Torset
Bendik Torset har ein fasit på 229 kampar (10 mål) i Hødd-drakta. Løpsmaskina frå Larsnes er fartsatt berre 27 år. I fjor starta han 13 kampar i OBOS-ligaen, og i tillegg kom han inn som reserve i seks kampar. Indreløparen er godt nøgd med å ha signert ny kontrakt:

- Eg er veldig motiverte for det som står foran oss. Etter eit par år der eg har hatt nokre småskader samt ein operasjon som tok tid å restituere, er eg supermotivert. Det er spennande å få Sindre tilbake som trenar, og det vert også spennande med dei unge spelarane som er på veg opp og fram.  I tillegg er det triggande med ein fortserka 2. divisjon.

Annonse: