SPENNANDE KAMP I VENTE FOR J19

Hødd J19 spelar i kveld kvalikkamp til J19 NM mot Herd. Kampen går på AMFI Moa stadion kl. 18.15.

Hødd J19 tok ein sterk 2-1 siger mot FK Fortuna i første kvalikkampen til J19 NM og i kveld ventar ein ny kamp for laget når dei spelar borte mot Herd. 

Hødd jentene gjennomførte ein god taktisk kamp sist når FK Fortuna gjesta Høddvoll og tok med seg 3 poeng vidare inn i kvalikken. Eit godt utgangspunkt før dei to siste kampane mot Herd og Blindheim.

SVÆRT GODE I PERIODER DEFENSIVT

- Først av alt skal jentene ha honnør for at dei gjennomførte kampplanen til punkt å prikke mot FK Fortuna sist. Vi var svært gode i perioder defensivt med gode avstandar i lagdelane, samtidig som vi var flinke til å skyve som lag. Offensivt spelte vi med liten risiko og holdt mykje ballen i laget. Her kunne vi kanskje utnytta bakrommet i enda større grad, men eg tenkjer det er heilt greit at vi spelte på det trygge i denne kampen mot eit godt FK Fortuna lag. Vi har i alle fall nok kontringsstyrke i laget til å straffe dei fleste lag, så det vil vi nok sjå igjen meir av i dei komande kampane når vi får utvikle spelet vårt.

- I kveld ventar ein tøff og spennande bortekamp mot Herd, men vi håper å fortsette i same spor som sist og ta med oss eit godt resultat heim. Dessverre får eg ikkje med meg kampen i kveld ettersom eg skal delta på årsmøtet til IL Hødd, men eg er sikker på jentene gjennomfører ein god kamp. Det blir spennande å følgje med på oppdateringar frå kampen, seier trenar André A. Gardshol. 

Herd vann også sin første kamp mot Blindheim og det er derfor to lag med full pott som møtast i kveld! 

KAMPTROPP

Nikoline Gjerde, Andrine Nevstad, Anna Aahjem, Anna Tødenes, Cecilia Bakke, Hannah Rekdal, Johanne Helvig, Kethleen Alstadsæter, Lina Stave, Madelen Gustavsen, Oline Sundgot, Pia Brandal, Rebecca Sande, Thea Ertesvåg, Vilde Sundal.

Vi ønskjer laget lykke til i kveldens kamp mot Herd! 

 

Annonse: