Spennande innspurt for mange Hødd-lag

Sjå status for nokre av dei eldste Hødd-laga før serieinnspurten.

Vi er inne i siste del av september, og for Hødd-laga nærmar det seg serieslutt. Mange av dei går ei spennande serieavslutning i møte.

Herresida:

Hødd 2 i 4. divisjon:

Rekruttlaget ligg godt an til å vinne avdelinga og rykke opp til 3. divisjon. Med fem serierunder igjen ligg laget henholdsvis åtte og ni poeng foran Bergsøy og Volda. Med andre ord vil tre sigrar på dei siste fem kampane vere nok. Neste kamp er heime mot FK Sykkylven mandag 25. september kl. 18.30.

Hødd 3 i 6. divisjon:

For første gong har Hødd stilt med eige 3. lag i seriesystemet. Med fem serierunder igjen å spele ligg det unge Hødd-laget på 7. plass i 6. divisjon. Neste kamp er onsdag 20. september kl. 18.00 borte mot Sæbø.

Juniorlaget i 1. divisjon:

Dette er same treningsgruppa som også spelar senior for Hødd 3 i 6. divisjon. I juniorserien kjempar laget om å vinne divisjonen med fire serierunder igjen å spele. Juniorlaget ligg på 2. plass, likt antal poeng med Herd og eit poeng bak samarbeidslaget Norborg/Ravn/Harøy. Neste kamp er borte mot Spjelkavik mandag 2. oktober kl. 18.30.

G16 i 1. divisjon:

Guttelaget leiar 1. divisjon med fem serierunder igjen å spele, to poeng foran Herd. Neste kamp er borte mot Langevåg fredag 22. september kl. 18.30.

G14 i 1. divisjon: 

Småguttelaget leiar 1. divisjon (haust) med tre serierunder igjen å spele, eit poeng foran Herd. Neste kamp er nettopp borte mot Herd søndag 24. september kl. 11.30. Småguttelaget vann forøvrig også 1. divisjon i vår.

Damesida:

Hødd i 3. divisjon:

Hødd ligg på andreplass i 3. divisjon med to kampar igjen å spele, på likt antal poeng som Herd 2. Moa-laget kan imidlertid ikkje spele kvalifisering om opprykk. Det kan imidlertid Blindheim og Ravn som ligg rett bak Hødd. Det blir med andre ord ein spennande innspurt, der Hødd med to sigrar bør ha ein stor sjanse til å kome foran Ravn og Blindheim på tabellen. I så fall ventar to kvalifiseringskampar om opprykk til 2. divisjon. Neste kamp er heime mot FK Sykkylven onsdag 4. oktober kl. 18.30.

Hødd i 4. divisjon:

Rekruttlaget leiar 4. divisjon med fire serierunder igjen, seks poeng foran Hareid på andreplass med to kampar meir spelt. Neste kamp er borte mot Stordal torsdag 21. september kl. 18.30. Dersom damelaget i 3. divisjon rykker opp, vil også rekruttlaget rykke opp dersom dei vinn divisjonen.

Vi ønskjer alle lag lykke til med ein spennande serieinnspurt!

Annonse: