Spennande helg i møte

Juniorlaget møter Molde i 3. runde i cupen og A-laget møter Byåsen.

Kan Hødd nå fjerde runde i juniorcupen for første gong sidan "cupfinale-generasjonen" i 2008, og kan A-laget starte ei sigersrekke?

Juniorlaget møter Molde på Høddvoll laurdag kl. 16.00. Hødd har ikkje gått til 4. runde i juniorcupen sidan semifinale-tapet mot Viking for ni år sidan. Men no er ein ny god generasjon på veg opp på Høddvoll, og å ta skalpen på Daniel Berg Hestad sine elevar skal ikkje vere ei umogleg oppgåve for Hødd-gutta. 

A-laget tok med seg eit poeng på Vennesla med 10 mann søndag. Søndag kjem Byåsen på besøk på Høddvoll. Hødd vann 3-0 mot Vidar forrige heimekamp, og Hødd-fansen går no å ventar på ei sigersrekke som kan ta dei blåkvite nærmare toppen. Det er berre seks poeng opp til playoff, sju til førsteplassen, og ei sigersrekke kan fort hente inn det. Den kan fort starte no!

Med andre ord, vi går ei spennande helg i møte. Vi sjåast på Høddvoll!

Annonse: