Sparebanken Møre´s spelarstipend til Bendik Rise

Bendik Rise fekk Sparebanken Møre´s spelarstipend på Sunnmøre Fotballkrets sin galla, laurdag kveld. Vi gratulerer!

Kjekt å bli lagt merke til

Det er sjølsagt kjekt å bli lagt merke til og få ein slik pris. Det viser vel at eg har gjort noko rett på vegen hit, og er sannsynligvis eit resultat av mykje godt arbeid. I tillegg er det ein god konkurransekultur rundt meg som heile tida gjer at eg vil bli bedre.
Sesongen i år har for min eigen del gått ganske bra, då eg har spelt alle kampane. Når eg då får ein slik pris har eg nok hatt ein god sesong også. Den kjem også som eit resultat av eg har vist meg fram, både aleine og i lag med andre. Fotball er uansett eit lagspel, og det er fleire som har bidratt til at eg kan ta imot denne prisen.

Bendik Rise
Bendik Rise

Eg vil rette ei stor takk til Sunnmøre Fotballkrets og Sparebanken Møre, som har delt ut prisen, Hødd og alle som har hjelpt meg hit, spesielt familien min.

Så får eg til slutt gjere som Steffen og ønske alle i Hødd-familien ei riktig god jul!

Vi gratulerer!

Annonse: