SØNDAG: DRØBAK/FROGN - HØDD 2

Søndag ettermiddag spelar Hødd 2 andre serierunde borte mot Drøbak/Frogn.

Tidleg søndag morgen reiser rekruttlaget til Drøbak for kamp mot Drøbak/Frogn på Seiersten stadion.

Drøbak/Frogn blir leia av tidlegare Brann-trenar Teitur Benedikt Thordarson, og dei heilraude vann første serierunde 1-0 borte mot Ready.

Trenar Sander Nyland seier følgande i ein kommentar før avreise:

"Vi møter eit lag som forsøker å spele fotball og som vann første kamp. Vi må gjere dei gode periodene i spelet vårt lenger, for vi såg periodevis mot Oppsal at vi hevdar oss godt på dette nivået".

Vi ønsker Hødd 2 god tur og lykke til!

Annonse: