Solid start for rekrutt J19

Hødd rekrutt J19 tok ein solid siger i første seriekamp i 4. divisjon. Les heile kampreferatet i saka!

FK Sykkylven - Hødd 1-9 (0-3)

1. omgang

I fyrste seriekamp for Hødd Rekrutt J19 blei det ein strålande opning! Hødd-jentene sikra seg sigeren etter at sluttresultatet blei heile 1-9 på bortebane! Som trenarar er vi stolte over disse fantastiske jentene som presterer gong på gong! Vi starta kampen med ti dårlige minutt, men kom godt tilbake i kampen. Sigeren til slutt var fullt fortent.

I mål hadde vi midtstopparen Gro-Elise Aksnes, som spelte sin første kamp som keeper i serien! Ho var fantastisk som keeper, og hadde veldig lite å gjere på underveis i kampen. Backrekka bestod av Maria Skar, Johanne Rise Kvalen og Sigrid Petronille Pedersen. Desse gjorde ein fantastisk jobb! Olea Louise Flø Larsen var eksepsjonell som anker, og gjorde jobben veldig enkel for backrekka. På midtbana var Oline Sundgot, Kethleen Lorenzo, og Cecilia Bakken som storspelte i 90 minutt. Den fremre trearen vår bestod av Thea Ertesvåg, Ine Sleipnes og Stine Marø Sundgot! Dei lagderett og slett kaos for keeperen til motstandaren.

Hødd-jentene gjekk i garderoben med ei solid 3-0 leiing til pause og hadde gjort eit strålande forarbeid til neste omgang. Jentene kom ut frå garderoben i eit strålende humør og med aggressiviteten på topp.

2. omgang

10 minutt inn i andre omgang blei det straffe til Sykkylven FK. Den sette dei sikkert i mål nede i venstre hjørne. To minutt seinare kom Ine Sleipnes med sitt tredje mål for kvelden, og dermed eit lynraskt svar frå Hødd-spissen.
I det 60.minutt kom det første byttet for Hødd. Olea gjekk av bana, inn kom Ragnhild Knardal som fortsette det gode spelet. I det 63.minutt kom det andre og tredje byttet. Inn kom Johanne Helvig og ut gjekk Sigrid Petronille. Det fjerde byttet var spissen Thea Ertesvåg som vart erstatta av Rebecca Eikrem Sande. 60 gode minutt for Thea!

Tre minutt seinare blei det siste byttet for Hødd gjort. Inn kom Therese Fiskaa, og ut gjekk Stine Marø Sundgot.

Ine Sleipnes var kveldens toppskorar og etter 90.minutter stod ho med heile 4(!!) mål i målbanken. Stine Marø Sundgot skora 2 mål for Hødd-jentene til stor glede for Hødd-supporterane denne kalde og vindfulle kvelden. Thea Ertesvåg, Therese Fiskaa og Cecilia Bakke stod også igjen med eitt mål kvar etter kampen. Dette viser igjen at vi ikkje treng ein fast spiss for at vi skal vinne, men at vi kan spele som eit lag og at fleire på laget er med på målfesten!

Utviklingsmål i kampen

Før kampen var vårt hovudmål å spele som eit lag, vere aggressive i gjenvinningsfasa og ikkje minst i duellspelet inn i 16-meterane og på midtbana. Vårt siste mål var å spele som eit lag og å vere positive. Dette er noko som er viktig for alle spelarane og som gjer at det er gøy å spele fotball. Vi har også jobba ein del med å vende spelet raskt og å spele gjennom kantane og backane slik at dei kjem seg til innlegg. Dette såg vi litt igjen på kamp, noko som er til stor glede.

Neste heimekamp

Vi gleder oss til neste kamp på Høddvoll allereie førstkomande torsdag, 27.04! Då møter vi Valder, og vi ønskjer laget velkomne til kamp som forhåpentlegvis blir morosam for begge laga!

Annonse: