SOLID KAMP AV HØDD MOT BRATTVÅG

Hødd gjennomførte ein svært god kamp mot divisjonskollega Brattvåg og vann til slutt fullt fortjent 3-0!

KAMPFAKTA

Hødd - Brattvåg 3-0 (1-0)
Mål: Eirik Franke Saunes, Joachim Osvold og Robin Hjelmeseth.
Tilskodarar: Ca. 175

 

1. OMGANG

Første 20 min var det to lag som trilla mykje ball og skapte lite framover. Brattvåg hadde ein eit skudd som gikk like utanfor mål, men ikkje meir å melde frå starten av omgangen.

Hødd kom meir og meir med etter dette og var det klart førande laget fram til pause. Dei blåkvite skapte fleire gode sjansar utover omgangen som kunne resultert i mål. Heimelaget fekk til slutt uttelling like før pause etter eit flott og hardt skudd av Hødd sin midbanespelar nr. 14, Eirik Franke Saunes. Han fekk stå heilt umarkert like utanfor 16-meteren på corneren og då var berre å fyre av rett mot målet til Brattvåg keeper Aleksander Stankovic. 1-0 til Hødd og fullt fortjent leiing til pause.

2. OMGANG

Hødd gjekk rett i angrep i andre omgang og spelte seg fint fri. Til slutt enda ballen hos Joachim Osvold som fyrte av i lengste og 2-0 til Hødd! 

Kort tid etter var bortelaget Brattvåg frampå og sette ballen rett i stanga. Heldigvis fekk dei blåkvite klarert returen vekk i frå farleg sone.

Heimelaget fortsatte å dominere banespelet og skulle på nytt få uttelling for sjanseskapinga mot Brattvåg-målet. 3-0 kom etter at Hødd nok ein gong spelte seg fint fri. Robin Hjelmeseth sikta mot lengste hjørnet og keeper i Brattvåg-målet fekk så vidt ei hand på ballen til ingen nytte. Ballen trilla over streken og Hødd leia 3-0. (Litt uavklart ei lita stund kven som var målskorar sidan Joachim Osvold sette returen i mål). Etter eksptertisa si vurdering krediterast Robin Hjelmeseth målet!

Tempoet i kampen vart roligare etter dette og frå 3-0 skoringa i det 61 minutt til det 80 minutt var det svært lite som skjedde i kampen.

Først i det 85 minutt kom neste store sjanse til Hødd. Først ut var nok ein gong Robin Hjelmeseth som sette ballen i stanga etter eit godt kombinasjonsspel på høgresida og eit godt innlegg av Sindre Kleiven. Dessverre stang ut her. 

Like etter var Hødd nok ein gong farleg frampå og Pijus Marcinkevicius var svært nær med å sette inn Hødd si 4-0 skoring. 

Hødd sin siste sjanse kom heilt på tampen etter eit godt innlegg av Daniel Eid. Innlegget nådde nesten Peter Hasund inne i feltet. Ein våken keeper braut ballbana og avverga ein stor sjanse til Hødd.

KAMPOPPSUMMERING

Hødd gjennomførte i dag ein svært god kamp mot divisjonskollega Brattvåg. Hødd var det førande laget i store delar av kampen og virka solide i det meste dei gjorde ute på bana. Laget hadde god kontroll defensivt og samtidig skapte fleire gode sjansar framover i bana. Ein fullt fortjent siger til heimelaget.

Takk til alle frivillige som møtte opp i forkant slik at kampen kunne gjennomførast som oppsatt. Høddvoll bada i sol i dag og det var gode speleforhold ute på bana. 

LAGET

Vegar Berntsen, Jens Husebø, Joakim Wrele, Netan Sansara, Preben Sætre, Daniel Eid, Bendik Rise, Eirik Franke Saunes, Bam Hide, Peter Hasund, Joachim Osvold.

BENKEN

Ole Monrad Alme, Johannes Sundgot, Håkon Brautaset, Robin Hjelmeseth, Sindre Kleiven, Pijus Marcinkevicius.

*Alle innbytarane i kampen, bortsett frå Ole Monrad Alme vart nytta i dagens kamp.

Annonse: