Sogndal - Hødd 2-2 (1-2)

Fredag ettermiddag var A-laget i Sogndal og spelte treningskamp mot saftkokarane. Det enda 2-2.

Kampreferat

1. omgang

Kampen opna med eit høgt tempo og stor intensitet hos begge lag. Begge lag forsvarte seg godt innledningsvis. Kampens første sjanse kom til Hødd på corner, der Henrik Breimyr sette ballen utanfor frå god posisjon. Etter dette hadde Hødd ei god periode - med sjansar for Marius Hagen på ei kontring og Joachim Osvold på eit skot frå 16-meter. Begge moglegheitene enda med «berre nesten». I ei betre periode kom etter kvart 1-0 til Hødd - signert Steffen Moltu. Midtstopparen steig til værs på ein godt slått corner av Daniel Eid, og Moltu stanga ballen i mål

Etter scoringa tok Sogndal litt meir tak i kampen. Samtidig var Hødd gode defensivt og hadde bra kontroll - med eit unntak. Det unntaket blei scoring og utlikning til 1-1 etter ein innleggssituasjon frå vertane si venstre side. Etter utlikninga har Sogndal ballen meir enn Hødd, men gjestane forsvarte seg bra. Sogndal hadde to langskot der eine gjekk like utanfor, medan det andre traff treverket bak Ole Monrad Alme.

I det 37. minutt braut Johannes Sundgot ei pasning og sette i gong ei kontring for Hødd. Venstre vingbacken fossa opp over sida og slo eit strøkent innlegg som enda opp på pannebrasken til Joachim Osvold som hadde god timing i bevegelsen inne i feltet, og stanga gjestane i føringa på nytt. Ei meget flott scoring! 1-2 stod seg også til pause.

2. omgang

Etter pause tok Sogndal tak i kampen, men dei blå gjestane forsvarte seg godt med god intensitet i etablert forsvar. Dessverre klarte ikkje Hødd å ta vare på ballen i stor nok grad når vi vann ballen, som gjorde at laget i periodar var lenge i forsvar. Det positive var uansett forsvarsspelet og evna til å forsvare eiga boks - der var Hødd gode. Sogndal sleit med å skape målsjansar i 2. omgang - og det er positivt. Fram til det 80 minutt spelte ikkje Hødd seg til ein einaste klar målsjanse, men i dette speleminuttet utlikna Sogndal for andre gong i kampen. Hødd spelte på seg eit brudd inne på Sogndal sin banehalvdel. Det enda med ei kontring for heimelaget, der Ole Monrad Alme redda første avslutninga frå skrått hald, men returen blei sett i mål frå kort hald og 2-2 var eit faktum. Dette resultatet stod seg også til slutt - utan nevneverdige målsjansar dei ti siste minutta.

2-2 var eit greit resultat med tanke på at Hødd var det beste laget i 1. omgang og Sogndal det beste laget i 2. omgang. Relativt likt sjansemessig - trass i eit stort ballinnehav favør Sogndal i 2. omgang.

OBS! Seks spelarar frå rekruttstallen i januar 2017 spelte i dagens kamp mot Sogndal! Det er vi sjølvsagt glade for.

HØDD: Ole Monrad Alme - Daniel Eid, Henrik Breimyr, Steffen Moltu - Preben Sætre, Marius Hagen, Joakim Wrele, Eirik Saunes, Johannes Sundgot - Magnus Myklebust, Joachim Osvold.

Innbyttarar: William Fjørtoft, Sander Djupvik, Håkon Brautaset, Badr Rahhaoui.

Unytta reserve: Jonas Mathiesen, Robin Hjelmeseth.

Annonse: