SISTE TRENINGSKAMP FØR SERIESTART

Laurdag kl. 15:00 spelar A-laget sin siste treningskamp før serien startar heime mot Florø!

Då er det berre ei og ei halv veke til seriestart og laget har lagt bak seg nærare tre og ein halv månad med trening og treningskampar. Laget har ikkje spelt kamp sidan heime mot Bergsøy for nesten to veker sidan, då vann Hødd 7-2.
 
Det nærmar seg seriestart med stormskritt og vi gjer oss klar til siste treningskamp laurdag. Vi møter Florø som er i den andre 2.divisjons avdelinga. Dei rykka ned frå OBOS-ligaen i fjor og møter Oppsal til sin fyrste seriekamp neste helg.
 
Vi har tatt oss ein prat med trenarteamet for å høyre kor ståa er før laurdagens kamp mot Florø.
 
Kva tankar har du rundt kampen, Sander?
 
- Eg tenker det blir ein fotballkamp mellom to gode lag – ein god målestokk for oss i siste treningskamp for i år. For oss handlar det om å sjå igjen identiteten vår i angrep og forsvar mot ein bra motstandar.
 
Sebastian er Sander sin assistent i år og er ny i trenarteamet, og skal samtidig være spelarutviklar og trenar for g-14 i Hødd. Fyrst og fremst gratulerer med jobben Sebastian! Var det eit vanskeleg val å ta når du blei spurt om å bli Sander sin assistent?
 
- Nei selvsagt ikke, utrolig kjekt å få muligheten til å bli en del av gjengen!
 
Kva vil du tilføre laget i sesongen som kjem?
 
- Jeg skal bidra med humor og knallhardt arbeid. Samtidig skal jeg passe på at vi husker på at fotball handler om å score flere mål enn motstanderen!
 
Det har vore litt smårusk på skadefronten denne veka Jesper, er alle klar til kamp i helga?
 
- Alle bortsett frå Bendik er i fotballtrening i større eller mindre grad og det er kjekt! William og Isak er stadig nærare fulle fotballøkter, men er ikkje aktuelle til denne kampen. Bendik fekk seg ein smell i hovudet på mandag og står over i helga, men vi håpar at han snart er tilbake i trening.
Annonse: