Siste test før sesongstart!

Både Hødd og Hødd 2 spelar treningskamp i helga og dette er siste test før sesongstart!

Hødd - Førde laurdag kl. 15.00

Først ut er Hødd som møter Førde til treningskamp på Høddvoll kl. 15.00! Etter ein lang vinter med mykje trening og kampar, så er det no snart klart for seriestart i PostNord-ligaen. Dette blir siste test før det brakar laust borte mot Stjørdals-Blink neste helg!

Det blir speaker, musikk og visning av kampen på storskjerm.

Ser fram til kampane i helga

- Vi ser fram til kampane i helga. Siste treningskamp før seriestart for begge lag - det er alltid spennande. Vi har lagt bak oss ei lang og god oppkjøring, og gutane har lagt ned eit godt arbeid dei siste tre månadane. Det ønsker vi å sjå igjen i begge kampane - ei offensiv samhandling og eit kollektiv som er dyktige å forsvare seg høgt og lavt!, seier trenar Sander Håskjold Nyland.

Kick-Off 2018

Hødd og Blåsarane supporterklubb inviterer også til Kick-Off laurdag på Kaffebaren kl. 19.00!

Det blir spelarpresentasjon, intervju, sosialt samvær med spelarane og allsang med Hødd-hymna "Liten, men stor".

Blåsarane vil også ha sal av Hødd-skjerf dersom ein ønskjer å kjøpe seg det før sesongstart.

Vi håper mange blåkvite sett av denne kvelden!

Eid - Hødd 2 søndag kl. 13.00

Hødd 2 skal også spele treningskamp denne helga og siste test for laget er borte mot Eid. Denne kampen startar kl. 13.00.

Neste søndag spelar Hødd 2 sin første seriekamp i 3. divisjon mot Oppsal. 

Spennande veke i vente!

Annonse: