Sindre: - Utganspunktet i 2018 blir eit heilt anna

- Vi har gått frå å vere ei gruppe som har prestert som eit botnlag til å bli ei gruppe som presterar som eit topplag.

Sindre Eid avslutta si første periode som Hødd-trenar med 4. plass i Obos-ligaen. 

No er han snart ferdig med første sesong i si andre periode. 

- Har det vore mykje meir utfordrande i 2017 enn det var i di forrige periode?

- Både ja og nei. Mange gløymer at vi måtte bygge nytt også før 2014-sesongen, etter at spelarar som Pål Andrè Helland, Sivert Heltne Nilsen, Akeem Latifu, Andreas Lie forsvann og Erik Sandal var skada. Men etter ein sesong der vi havna midt på tabellen, slo vi tilbake med 4. plass og playoff i 2015.

Så medfører det sjølvsagt utfordring for heile klubben å rykke ned slik vi gjorde foran årets sesong. Det har vore ei stor omstilling, men eg føler no at vi er i ferd med å kome oss ut av det på ein god måte. 

- Korleis vil denne omstillingssesongen hjelpe oss på lengre sikt?

- Erfaringane vi har gjort, utviklinga vi har sett på enkeltspelarar og for laget. Alt dette gjer at eg føler vi har gitt oss sjølve gode kort på handa i forhold til inngangen på 2018-sesongen. Vi vil ha eit heilt anna utgangspunkt enn vi hadde då vi gjekk inn i årets sesong.

- Vi er ubesigra i våre sju siste kampar. Korleis har progresjonen vore gjennom året?

- Vi har gått frå å vere ei gruppe som har prestert som eit botnlag, til å verte ei gruppe som presterar som eit topplag. No handlar det om å utvikle, forsterke, bygge lag og bygge tropp slik at vi i 2018-sesongen blir eit lag som startar sesongen som eit topplag.

- I forrige kamp sette du Torbjørn Kallevåg på benken, vår toppscorar og beste spelar denne sesongen, men som no skal til FK Haugesund. Er det å sette innpå debutantar som Johannes Sundgot i staden ein del av strategien for resten av sesongen?

- Eg var sikker på at Johannes skulle gjere ein god kamp, og det gjorde han. Utfordringane til Johannes har vore å halde seg skadefri, nivået har han inne. Så var det også utrulig kjekt at Håkon Brautaset kom inn og avgjorde. Pluss på Eirik Saunes, Bendik Rise og Daniel Eid, så hadde vi fem juniorar utpå i sigeren mot Vindbjart.

Å gi fleire sjansen er ein del av strategien i dei siste kampane. Både dei som har spelt lite av spelarane i A-stallen, men samtidig kan også fleire rekruttspelarar få sjansen i dei tre siste kampane.

Men vi må sjølvsagt ha to tankar i hovudet samtidig no. Ja, vi skal sleppe til spelarar, men samtidig også ha mål om å vinne dei tre siste kampane, avsluttar Hødd-trenaren.

Annonse: