SINDRE RYTTVAD KLEIVEN HAR SIGNERT

Sindre Ryttvad Kleiven (18) har i dag signert ei amatørkontrakt med Hødd ut 2020-sesongen!

Sindre kjem frå eigne rekker og har dei siste åra våre ein del av rekruttstallen til Hødd. Han står oppført med fleire kampar på seniornivå for Hødd 2. Sindre har trena fast med A-lag herrar ei god stund og står med to korte innhopp for laget i 2019-sesongen. Ein ung og lovande spelar som vi ser fram til å følgje i åra framover!

Sindre har i dag signert ei amatørkontrakt med Hødd ut 2020-sesongen.

Junior/rekrutt tek steget opp i a-stallen:
- Sindre Kleiven har signert kontrakt og tatt opp som fullverdig medlem etter hospitering gjennom vinter/vår. Sindre er ein offensiv spelar som kan bekle fleire roller. Ein spelar med gode haldningar, god fysikk med bra fart, seier hovudtrenar Kevin Knappen.
 

Sindre kommenterer dette til Hødd:
- Det blir veldig kjekt å prøve seg på eit nytt nivå og ser fram til å bli ein del av ei inkluderande og god treningsgruppe. Gleda meg veldig mykje!

Vi gratulerer Sindre og ønsker han lykke til i Hødd-drakta!

FAKTA

  • Namn: Sindre Ryttvad Kleiven

  • Fødd: 8. mars 2002

  • Posisjon: Midtbane/ Angrep

Annonse: