SINDRE EID GIR SEG SOM TRENAR I HØDD – HELD FRAM I HØDD FOTBALL

Hovudtrenar Sindre Eid gir seg som trenar for Hødd sitt herrelag. Han har vore klubben sin hovudtrenar sidan 2017.

Hovudtrenar Sindre Eid gir seg som trenar for Hødd sitt herrelag. Han har vore klubben sin hovudtrenar sidan 2017. Sindre var også hovudtrenar i 2014 og 2015, då klubben tapte kvalifisering om opprykk til Eliteserien etter straffesparkkonkurranse. Sindre var også assistenttrenar når Hødd var cupfinalen i 2012.

Sindre har fast stilling i klubben som marknadssjef i tillegg til trenarjobben. Han skal halde fram i stillinga som marknadssjef og vil også få andre viktige oppgåver innanfor sport og klubbutvikling.

- Hødd Fotball er svært takksame for jobben Sindre har gjort som hovudtrenar for a-laget. Han har lagt ned ein stor innsats og laget har hatt ei flott utvikling. I 2018 var vi eit mål i siste kamp frå kvalifiseringsspel til opprykk og vi tapte straffesparkkonkurranse i Bodø i kamp om kvartfinaleplass i NM. Vi har fått fram mange unge og lovande lokale spelarar dei siste åra og desse vil ha viktige roller i åra som kjem. Sindre har vore ein viktig faktor til dette. Vi er svært glade for at Sindre blir med vidare og spelar ei viktig rolle i klubben, seier dagleg leiar Oddmund Davik Otterlei.

Styreleiar Ivar Morten Normark er også glad for at Sindre blir i klubben vidare:

- Styret aksepterer Sindre si avgjerd og er glade for at han med sin kompetanse og erfaring held fram i viktige roller i Hødd også i framtida.

Sander H. Nyland, Jesper Törnqvist og Frode Gjerde vil leie laget i trening og kamp framover.

For meir informasjon kontakt:

Oddmund Davik Otterlei, 48259191
André Nevstad, 92222225
Sindre Eid, 95708212

Annonse: