Siger mot Stjørdals-Blink

Søndag ettermiddag vann Hødd 2-0 over Stjørdals-Blink i 14. serierunde.

Kampen opna med stor Hødd-dominans, der heimelaget hadde ballen mykje og gjestane frå Stjørdal forsvarte seg lågt i bana. Hødd satte opp mange flotte angrep tidleg i kampen, og i det 11. speleminutt tok heimelaget ei fortent 1-0-leiing. Spelet blei vendt frå høgre mot venstre, Henrik Breimyr sette opp Marius Hagen i mellomrommet, som vidare spelte ballen ut til Eirik Franke Saunes på venstresida. Vingbacken spelte opp Magnus Myklebust, som vidare sette opp eit veggspel med Marius Hagen. Veteranen kom seg fri inne i 16-meteren, chippa ballen mot bakerste stolpe der Stjørdals-Blink ikkje evna å klarere. På nedfallsfrukta dukka Markus Naglestad opp, og 1-0 var eit faktum. Strålande angrep av heimelaget!

Etter scoringa heldt heimelaget fram med å dominere banespelet. Stjørdals-Blink pressa lågt i bana, men Hødd var tolmodige og sette opp gode angrep. Bendik Rise, Magnus Myklebust og Markus Naglestad hadde gode moglegheiter, utan at ballen ville i mål. 2-0 skulle derimot komme på eit ideelt tidspunkt. Etter ein dødball enda ballen opp i beina på Marius Hagen, som stod utan for 16-meteren. Nordfjordingen spelte ei flott pasning til Markus Naglestad, som stod på motsatt side av 16-meteren. Målscoraren tok ned ballen på brystkassa og fyrte av eit godt skot i lengre hjørne, men keeperen redda i fyrste omgang. På returen var Magnus Myklebust og sette ballen sikkert i mål frå kort hald - 2-0! Resultatet stod seg også inn til pause. 

I 2. omgang endra kampen litt karakter. Hødd var ikkje like dominerande i banespelet og Stjørdals-Blink enda "motspelet" sitt. Bortelaget pressa høgare i bana og var meir direkte i sitt angrepsspel. Det gjor det vanskelegare for heimelaget, samstundes som dei heilblå vart litt stressa. Kampen bølga fram og tilbake, utan at nokon av laga klarte å skape dei opplagte målsjansane. Nærast var Daniel Eid og Joachim Osvold like før full tid, men begge forsøka åleine med keeper vart redda. 

Hødd: Ole Monrad Alme, Eirik Haugan, Henrik Breimyr, Steffen Moltu, Daniel Eid, Bendik Rise (Andreas Breimyr, inn 72. speleminutt), Joakim Wrele, Marius Hagen, Eirik Franke Saunes, Markus Naglestad (Robin Hjemleseth, inn 81. speleminutt), Magnus Myklebust (Joachim Osvold, inn 76. speleminutt). 

Vi takkar Stjørdals-Blink og våre gode supportarar for kampen! Neste heimekamp er mot KFUM Oslo laurdag 18. august kl. 17.00!

Annonse: