Siger mot Herd!

Mandag kveld møttes Hødd 2 og Herd til seriekamp på Høddvoll. Det enda med 2-1-siger til heimelaget!

Heimelaget opna kampen best, og hadde eigentleg initiativet heile omgangen. Fleire sjansar blei skapt, men "berre" ein av dei blei mål. Målet kom etter 19 minutt ved Magnus Myklebust, etter eit flott innlegg av Gustav Dimmen. Resultatet stod seg også til pause, sjølv om leiinga kunne vore større. 

I andre omgang var det framleis heimelaget som hadde initiativet, men dei heilt store målsjansane blei ikkje skapt. Målsjansar klarte derimot Herd å skape tidleg i denne omgangen, Parfait Bizoza avslutta i nettveggen frå god posisjon, medan Bendik Mathiesen omsette sin sjanse i mål for Herd når han kom åleine med Benjamin Boujar i Hødd-målet. 1-1 var eit faktum.

Etter utlikninga var det igjen Hødd som kjørte kampen, og fekk etter kvart betalt for det. I det 81. speleminutt sette Gustav Dimmen inn 2-1 etter eit flott initiativ på venstresida. Resultatet stod seg også til sluttsignalet frå dagens dommar Mathias Kringstad. Ein fortjent siger for heimelaget. 

Laget: Benjamin Boujar - Bastian Rasmussen, Håkon Thormodsæther, Jesper Tornqvist, Johannes Sundgot, Eirik F Saunes, Bam Phudithip, Peter Hasund, Håkon Brautaset, Gustav Dimmen, Magnus Myklebust (Tobias Hatløy, 46 minutt). 

Annonse fra Obos-ligaen: