Siger i siste kamp

Damelaget vann 4-3 mot Ravn i siste seriekamp

Kampen mot Ravn på Solsida Stadion var den siste i årets serie, og med gårsdagens 4-3 siger har damelaget gått gjennom heile sesongen uten tap i seriespelet. 

Det vart ein målrik kamp onsdag kveld. Stillinga til pause var 1-0 til heimelaget etter ei skoring av Oline Marø Sundgot. Men etter kvilen vart det mange mål og laga fulgte kvarandre tett gjennom heile omgongen. Anna Nerland Aahjem skora Hødd sitt andre og tredje mål, men Ravn ga seg ikkje og utlikna. Det sto 3-3 etter 90 minutt, men Caroline Overvåg ville det annleis og avgjorde det heile på overtid med eit flott skot. Dermed vart det siger i den siste kampen før kvalifiseringa tek til komande søndag.

I pausa av kampen fikk Hødd KM-statuetten som KM vinnarar i avdelinga. Vi gratulerer!

Annonse: