SIGER I GENERALPRØVA

Hødd møtte Florø til siste treningskamp før sesongstarten mot Fredrikstad neste helg. Det enda med 2-0 siger.

Det var Hødd som var det førande laget på Høddvoll laurdag ettermiddag. Heimelaget styrte banespelet og pressa Florø høgt som gjor at gjestane ikkje fekk til så mykje av eige spel. Trass sjansar begge vegar - der Hødd skapte flest - kom ikkje målet før det var spelt omlag 35 minutt. Hødd satte inn eit godt press høgt i bana og vann ballen nærme Florø-målet. Ballen havna hos Peter Hasund som frå kort hald sette ballen knallhardt i lengste hjørne. 1-0 - som også stod seg til pause. 

Etter pause heldt Hødd fram med å vere det beste laget og det laget som skapte sjansane. Florø var aldri i nærleiken av Hødd-målet i denne omgangen - fordi heimelaget var gode i det etablerte forsvarsspelet og det høge presset sitt. Etter 55 minutt fekk heimelaget igjen gevinst av det høge presset. Hødd pressa fram ein Florø-feil, vann ballen høgt i bana, Eirik Saunes sende gjennom Peter Hasund som vart felt inne i 16-meteren. Straffe! Straffesparket sette Robin Shroot sikkert i mål til 2-0. Etter 2-0 hadde Hødd god kontroll, slapp ikkje til nokon målsjansar, men var sjølv litt upresise i angrepsspelet som gjor at dei ikkje skapte dei store sjansane etter 2-0. 

Trenar Sander Nyland sa følgande i ein kommentar etter kampen:

- "Vi er mykje betre enn Florø i denne kampen og leverer ein godkjent prestasjon. Fornøgd med det høge presset vårt, medan vi har litt å gå på i angrepsspelet vårt". 

LAGET

Alme, Husebø (Brautaset 46 min), Wrele, Sansara, Eid, Saunes, Bjørnebye (prøvespelar), Phudithip (Hjelmeseth 70 min), Sundgot (Kleiven 80 min), Shroot, Hasund. 

Neste kamp er første serierunde, borte mot Fredrikstad!

 

Annonse: