SESONGKORTSALET GÅR GODT

Vi er framleis tidleg i januar og snøen ligg kvit over Høddvoll. Likevel har vi allereie hatt eit sal på 350 sesongkort på den private marknaden. Totalt er vi oppe i over 500 sesongkort!

Dette er eit tal Hødd og sesongkortansvarleg Andre Aurvåg Gardshol er godt nøgd med så langt:

- Vi er godt i gang med sesongkortsalet og fleire har fornya korta sine før 2019-sesongen, samtidig som vi har fått ein del nykjøp dei siste dagane. På privatmarknaden har vi passert 350 sesongkort. I tillegg kjem sponsor, æresmedlemmar og fri-kort opp på dette talet. Vi har derfor passert 500 sesongkort til no og vi håper å kome opp på same antal som i fjor som var på ca. 950 sesongkort. 

Prisen på sesongkort er tilsvarande som i 2018 bortsett frå familie 2+2 som er nedjustert i pris. Er man i tillegg også trenar eller lagleiar for eit lag i Hødd vil man også få 500 kr i rabatt når ein kjøper sesongkort. 

- I år er det fleire storkampar på Høddvoll når Arendal, Bryne, Egersunds IK, Fredrikstad, Levanger, Moss osv. kjem på besøk. I tillegg er heimekampen mot Brattvåg flytta frå 18. mai til 16. mai. Fotballens nasjonaldag! Her er det derfor mange kampar å sjå fram til for dei som har sikra seg sesongkort!

KJØP SESONGKORT HER!

Annonse: