Sesongkort 2017

Bli med på oppturen i 2017!

Sesongkort-innhavarar er kjerna i publikummet til Hødd, og vi er særs glade for at så mange har gjenkjøpt sitt sesongkort for 2017-sesongen.

Nysalet har starta, og vi håper mange nye ser fordelen med å sikre seg eit sesongkort. Ikkje berre er du sikra din eigne gode plass til alle serie- og cupkampar, men prismessig er det også gunstig å ha sesongkort.

Etter fleire sesongar med gode plasseringar i OBOS-ligaen, cupgull, Europa League og nytt stadion, vart det nedrykk til 2. divisjon i eit tid der klubben begynte å sjå Eliteserien i kvitauge. 

Men no er Hødd klare for å slå tilbake med eit nytt og lokalt lag bygd for framtida. Bli med på oppturen du også!

Kjøp sesongkort

#ejemed
Annonse:
Publisert: 31.01.2017, oppdatert: 22.03.2017
Skrive av: Lars-Petter Rønnestad