SESONGKORT 2019

Siste frist for å fornye sesongkortet er tysdag 15. januar! Husk derfor å gjenkjøpe sesongkortet før fristen går ut. Etter dette blir plassen din fristilt og tilgjengeleg for andre.

Redusert pris på familiekort i 2019

Familiekort hovudtribunen = kr. 2 500,-
Familiekort Sparebanken Møre tribunen = kr. 1 500,-

I år vil ikkje dei aktive sleppe gratis inn på kamp som tidlegare år. Vi oppmoda derfor om å kjøpe familiekort som vil vere det billigaste alternativet dersom ein ønskjer å sjå Hødd sine heimekampar i PostNord-ligaen saman som familie!

Dette får du med sesongkort

- Alle 13 heimekampane i PostNord-ligaen på Høddvoll til prisen av 9.
- Forkjøpsrett på setet ditt til store kampar i NM-cupen.
- Forkjøpsrett på setet ditt til 2020-sesongen.

KJØP SESONGKORT HER!

Vi minner om at ein kan bruke opp igjen sesongkortet frå i fjor når det er fornya. Sjølv om det står eit anna årstal på sesongkortet, er det strekkoda som gjeld. Dersom du treng eit nytt kort kan du kome innom Høddvollhuset for ein hyggelig prat.

Forny sesongkortet enkelt på nett

Vi oppmoda alle om å fornye sesongkortet sitt via nett og dette gjer du enkelt ved å gå inn her:

FORNY SESONGKORTET DITT HER!

Dersom du manglar brukarnamn, send e-post til [email protected] og oppgi namn og plass slik det viser på kortet.

Kontaktperson sesongkortsalet

Ta kontakt med sesongkortansvarleg André Aurvåg Gardshol på e-post: [email protected] eller på telefon 99 54 21 59 dersom du treng hjelp eller har spørsmål. 
Annonse: