Seriestart for Hødd 2!

Fredag kveld spelar Hødd 2 årets første seriekamp mot Valder på bortebane kl. 18.30.

Tidlegare denne veka spelte rekruttgruppa første runde i G19 NM som enda med ein kontrollert 3-0 siger mot Bergsøy på bortebane. 

Gjennom vinteren har Hødd 2 spelt fleire treningskampar med imponerande prestasjonar. Trass tap var kanskje den beste prestasjonen bortekampen mot Spjelkavik. 

No er det endeleg duka for seriestart i 4. divisjon, og vi tok oss i den forbindelse ein prat med hovudtrenar Jesper Törnqvist:

"Alle mann er i trening og alle er disponible - det er eit positivt dilemma for oss trenarar. Vi er godt førebudd og gler oss til kamp!", seier Törnqvist til hodd.no

Tropp: Joakim Ulstein, Simon Skeide, Bastian Rasmussen, William Fjørtoft, Jakob Sætrenes, John Rekdal, Sindre Kleiven, Pijus Marcinkevicius, Ola Heltne Nilsen, Isak Skotheim, Bendik Engen, Joachim Osvold, Sondre Gjerdsbakk, Iver Skeide, Tobias Hatløy, Håkon Fjørtoft, Håkon Thormodsæther. 

HEIA HØDD!

Annonse: