Serieopning for Damelaget

Onsdag spelar Damelaget årets første seriekamp i 3.divisjon. Kampen går på Høddvoll kl. 18.30.

I 2017 klarte nesten Damelaget å rykke opp til 2.divisjon. Kun to kvalikkampar mot Surnadal /Søya/Todalen hindra Hødd damene å ta steget opp i divisjonen over.

I år det heldigvis nye sjansar og vi håper laget er med å kjempar om opprykk til 2.divisjon.

Statistikk 2017: Hødd - FK Sykkylven

I fjor skilte det heile 13 poeng mellom Hødd og FK Sykkylven. Hødd enda på 2.plass med 31 poeng og FK Sykkylven på ein 5.plass med 18 poeng. Hødd vann også begge oppgjera i fjor med 4-0 heime på Høddvoll og 0-2 borte på Ikornnes Idrettspark.

Rekdal - Ønskjer å ligge høgt oppe på tabellen

Vi har tatt oss ein prat med hovudtrenar Torbjørn Rekdal i forkant av serieopninga mot FK Sykkylven.

Korleis har sesongoppkøyringa for Damelaget vore i vinter?

- Oppkøyringa til årets sesong har vore bra. Vi har hatt eit stort oppmøte av spelarar. Har hatt litt utfordringar i høve vinteren som vi har hatt, reknar med det gjeld for alle lag i divisjonen.

Første seriekamp for Damelaget er onsdag mot FK Sykkylven. Kva er status for Damelaget rett før seriestart?

- Til seriekampen på onsdag stiller vi eit ungt lag sidan dei nye eldre spelarane er ute på jobbreise. Vi har spelt nokre kampar mot gutelag frå Hødd der vi har fått jobba godt med det defensive arbeidet. Vi har J19 kampar der vi fekk tap i alle tre kampane. Vi hadde ein kjempefin kamp mot Træff og vi håper at vi skal igjen skape denne prestasjonen på onsdag.

Korleis ser du for deg kampbiletet mot FK Sykkylven?

- Kampen mot FK Sykkylven trur eg at det vert ein stillingskrig.

Vil vi sjå eit heiltent Damelag som kjempar i toppen av 3.divisjon i 2018?

- Damelaget ønskjer å ligge høgt oppe på tabellen, men vi har nokre sterke konkurrentar i Volda, Herd og Blindheim/Fortuna.

Tropp

Lene Mari Våge Myklebust, Pia N Brandal, Gro-Elise Aksnes, Hannah Kostopoulos Rekdal, Madelen Gustavsen, Marte Aarsand Vik, Therese Holstad, Andrine Nevstad,Anna Nygård Thunem, Ine Sleipnes, Anna Nerland Aahjem,Vilde Sundal, Cecilia Bakke, Astrid Oline Roppen, Kethleen Lorenzo Alstadsæter, Oline Marø Sundgot.

Det blir speakerteneste, musikk og resultatservice på storskjerm. 

Velkomen til Høddvoll!

Hødd Dame Rekrutt (Hødd 2) serieopnar også denne veka i 4.divisjon og spelar heime mot Aksla torsdag. Kampen går på Høddvoll kl. 18.30.

Vi ønskjer Hødd-damene lykke til i kampane mot FK Sykkylven og Aksla!

Annonse: