Sereba forlet Hødd

Flyttar tilbake til Østlandet.

Didrik kom til Hødd frå Follo foran 2016-sesongen, og var første signeringa til Hans Erik Eriksen då han var hovudtrenar.

På to sesongar fekk Sereba 71 kampar (seks scoringar) for dei blåkvite i serien, cupen og treningskampar.

Ein rørt Didrik takka for ei fin tid i Hødd på spelaravslutninga forrige veke, og fekk også overrekt eit innerama bilde av seg sjølv  til minne om tida i Ulsteinvik.

Sportssjef Andre Nevstad seier følgande:

- Didrik er ein super fyr som vi har berre godord å seie om. Han ønska å flytte sørover til familia si no, og alle vi i Hødd ønskjer han lykke til vidare!

Frå før har også Robin Shroot (skal spele for Nashville SC i USA) og Torbjørn Kallevåg (FK Haugesund) forlatt Hødd etter sesongen.

Annonse: