Seier til Hødd 2 mot Herd

Laurdag ettermiddag møttes Hødd 2 og Herd til treningskamp. Det enda med 3-2 seier!

Det var ein jamnspelt første omgang på Høddvoll. Herd hadde ballen mest, men Hødd 2 skapte flest sjansar. Den eine sjansen omsette Sindre Kleiven til 1-0 på eit flott angrep! Ikkje lenge etterpå utlikna Herd til 1-1 etter ein ball i bakrom. 1-1 stod seg til pause.

Etter pausen var det stigning i prestasjonen til heimelaget, og Hødd 2 var det beste laget. Trass dette var det Herd som auka leiinga 1-2 etter ei ballvinning nærme Hødd sitt mål. 15 minutt før slutt utlikna Hødd til 2-2 med Håkon Fjørtoft - ein meget flott angrep og innlegg på høgresida. Like før slutt sette Kristian Vatsaas inn 3-2 til Hødd på ein overgang - eit resultat som også blei sluttresultatet. 

Troppen: Joakim Ulstein, Adrian Haraldsvik, Bastian Rasmussen, Jakob Sætrenes, Håkon Thormodsæther, John Rekdal (hospitant), Håkon Fjørtoft, Kristian Vatsaas, Pijus Marcinkevicius, Sindre Kleiven, Tobias Hatløy, Gustav Dimmen, Iver Skeide, Erlend Skeide, Bendik Engen, Marcus Dimmen.

"Vi er fornøgde med perioder av kampen - vi gjer mykje bra i perioder, medan det i andre perioder er for variabelt. Men for å vere fyrste treningskamp på stor bane er det ein godkjent prestasjon totalt sett", seier trenar Sander Nyland i ein kort kommentar. 

Annonse: