SEIER MOT SPJELKAVIK

Laurdag ettermiddag vann Hødd 3-1 over Spjelkavik i årets fjerde treningskamp.

Det var duka for nytt oppgjer mellom Hødd og Spjelkavik laurdag 16. februar - denne gongen på Høddvoll. Sist laga møttes blei stillinga 3-2 til Spjelkavik - ein kamp som gjekk på Color Line stadion for to veker sidan. Denne gongen blei utfallet annleis. 

Dei blå opna kampen best, men omsette ikkje stort ballinnehav i opplagte målsjansar. I staden var det Spjelkavik som scora på sin fyrste målsjanse etter ein ball i bakrom. Det var Anders Waagan som scora sikkert åleine med Ole Monrad Alme. 

Like før og etter 0-1 var Hødd inne i ei dårleg periode. Lite stemte og angrepsspelet var urytmisk. Likevel kom utlikninga i ei dårleg periode. Det var Ole Monrad Alme i som sende i veg ein ball i bakrom mot eit Spjelkavik-forsvar som stod høgt. I det store bakrommet gjekk Robin Hjelmeseth på eit godt løp og sette ballen sikkert i mål åleine med keeper. 1-1 stod seg til pause. 

Etter pausa tok Hødd tak i kampen. Dei fyrste fem minutta var Hødd faktisk på Spjelkavik sin banehalvdel heile tida. Hødd hadde ballen soleklart mest, sette opp mange flotte angrep, men det mangla litt presisjon på siste tredjedel av bana. 

Men etter kvart fekk Hødd betalt for det store trykket mot Spjelkavik sitt mål. Eit langt angrep enda opp med eit gjennombrot på venstre side der Robin Hjelmeseth spelte fri Eirik Saunes. Sistnemde slo eit flott innlegg på pannebrasken til Isak Skotheim, som heada ned ballen til Daniel Eid. Høgrebacken klinka til frå distanse og ballen gjekk knallhardt ned i lengste hjørne. 2-1!

Få minutt seinare skulle spikaren i kista kome. Spjelkavik hadde dødball i god innleggsposisjon, Joakim Wrele heada ballen unna til Isak Skotheim. Unggutten sette fart med ballen langs høgresida, spelte fri enda yngre Pijus Marcinkevicius som spelte ballen på tvers til Robin Hjelmeseth. Sistnemnte var sikkert i avslutninga og 3-1 var eit faktum. Pijus med målgivande i heimedebuten!

Resultatet stod seg til kampslutt! Trenar Sander Nyland sa følgande til hodd.no etter kampslutt: 

"Vi er ikkje fornøgde med 1. omgang. Samhandlinga offensivt var ikkje slik vi ønska og det høge presset vårt uteblei. Samtidig var vi dyktige i lavt press, som gjor at Spjelkavik ikkje hadde så mykje meir enn målet å kome med. I 2. omgang tek vi fullstendig over kampen, dominerer banespelet, spelar flott og variert fotball og forsvarar oss godt. Alt i alt ein fortent siger - og vi er fornøgde med prestasjonen siste 45 minutta". 

Hødd:
Alme, Eid, Husebø, Sansara (Skotheim 46´), Sætre (Marcinkevicius 65´), Wrele, Saunes, Phudithip, Rise, Osvold (Hasund 65´), Hjelmeseth. 

Neste treningskamp for Hødd blir søndag 24. februar mot Kristiansund BK i Kristiansund. 

Annonse: