Seier i tredje treningskamp

Laurdag ettermiddag reise Hødd til Molde for treningskamp mot Molde 2. Det enda med 3-1-seier.

Det var ein jamn første omgang på Aker stadion. Ingen av laga hadde eit tydeleg initiativ i kampen, og begge lag sleit med å skape opplagte målsjansar. Det var bortelaget som hadde ballen mest, utan å omsette det i målsjansar. 

Like før pause kom 1-0 til Molde 2, etter eit innlegg frå høgre side som gjekk rett i mål. Resultatet stod seg til pause. 

Etter sidebytte tok Hødd tak i kampen. Etter eit flott angrep med gjennombrot på høgre side endte eit innlegg i sjølvmål - 1-1. Etter målet haldt Hødd fram med å dominere og skape sjansar, men det andre målet kom ikkje før det var igjen omlag 10 minutt. Johannes Sundgot drog seg fri på venstre sida, slo inn til Bam Hide som sette ballen i mål til 2-1 for Hødd. Like etterpå auka Hødd leiinga ytterlegare til 3-1 - og det var debutant Tobias Hatløy som scora etter pasning frå Robin Hjelmeseth. 

Vi gratulerer Tobias Hatløy med debuten for Hødd sitt A-lag, og vi gratulerer også med scoring i sin fyrste kamp!

Hødd: Alme, Eid, Husebø, Wrele, Sætre (Sundgot), Rise, Hide (Hatløy), Saunes, Fjørtoft, Osvold (Engen), Hjelmeseth.

Neste treningskamp er mot Spjelkavik laurdag 16.02 kl. 14:00 på Høddvoll. 

Annonse: