SALET AV SESONGKORT GÅR GODT!

Vi er framleis tidleg i februar og snøen ligg kvit over Høddvoll. Likevel har vi allereie hatt eit sal på 391 sesongkort på den private marknaden.

Dette er eit tal Hødd og sesongkortansvarleg Andre Gardshol er godt nøgd med så langt: - Vi sette oss eit mål i november om at vi skal selje 600 sesongkort på privatmarknaden til 2018-sesongen. Det trur vi at vi skal klare. Vi har laga oss eit skjema på veggen som vi oppdaterer etter kvart, seier André.

Prisen på sesongkort er tilsvarande som i 2017. I år inkluderer dette Hødd 2 sine kampar. Sidan laget rykte opp til 3. divisjon i år så blir det billettar på desse kampane. Så for eit sesongkort kan du i år få 26 kampar til saman i 2. og 3. divisjon. Dette gjer at sesongkort er ei svært god investering.

I tillegg til snart 400 på privatmarknaden har klubben også hatt eit sal på snart 200 sesongkort blant sponsorane. Der er framleis nokre avtalar som står att, slik at dette talet kjem også til å auke fram mot seriestart.

Kjøp sesongkort her!

Prisane for sesongkort i 2018 er:

Så sikre deg eit godt sete for mange gode opplevingar!

Annonse fra Obos-ligaen: