SÆTRE: - VI GLER OSS VELDIG TIL HELGA

Vi har tatt oss ein prat med formspelaren Preben Sætre som skora første målet til Hødd i førre kamp mot Alta!

Ein solid kamp og årsbeste av laget sist mot Alta. Det er vel noko å bygge vidare på i dei komande kampane?

- Ja, det er det absolutt mykje å bygge vidare på! Det å være solide i alle lagdeler og legge ned mange kilometer for kvarandre er nok eit godt fundament.

I dei to siste kampane har det blitt ei skoring, ein assist og to bestemannsprisar for din eigen del. Du har jobba hardt over tid og det er vel då ein god følelse at du ser resultat av dette i form av gode prestasjonar?  

- Det å ikkje få bidra for laget på bana over tid er ikkje noko kjekt for nokon når ein spelar fotball. Du har som regel to val, der det eine er å bli sur, lei og ikkje orkar å bidra like mykje. Eller så kan du ha trua på deg sjølv og jobbe knallhardt vidare for å bevise at du fortenar å få vise deg fram. Eg føler at eg har valt det siste og då er det utruleg godt å få resultat i form av speletid og målpoeng! 

Dette gir vel også sjølvtillit til fortsetjinga?

- Sjølvsagt, vi gler oss veldig til helga!

Hødd presterte årsbeste og vann fullt fortent når Alta gjesta Høddvoll sist. På heimebane har Hødd våre solide i år, men framleis ventar vi på årets første siger på bortebane. Kva tenker du blir viktig å ta med seg frå kampen mot Alta der laget presterte årsbeste og inn bortekampen mot Eidsvold TF?

- Det vi må ta med oss frå dei siste heimekampane er at vi forsvarar oss framover og utnyttar svakheitene til motstandaren.

Og til slutt. Korleis skal Hødd ta 3 poeng mot Eidsvold TF?

- Det som skal gi oss 3 poeng til helga er at vi går like hardt ut av startblokkene som sist, utnyttar svakheitene til Eidsvold TF og fortsette å vere botnsolide! God kamp!

Vi ynskjer Preben og resten av laget lykke til i bortekampen mot Eidsvold TF!

Annonse: