SÆTRE OG HJELMESETH BLIR MED VIDARE

Preben Sætre og Robin Hjelmeseth blir med vidare i 2020!

Preben Sætre kom til klubben før 2017-sesongen frå Herd og har vore ein viktig bidragsytar for Hødd dei siste åra. 

Den hardtarbeidande backen som kan spele i fleire posisjonar blir derfor ein viktig spelar å ha med vidare på laget.

- Eg gler meg verkeleg til å starte på ein ny sesong! Det er godt å få landa dette før juleferien. Vi har fått inn ein dyktig trenar i Kevin og eg håpar og trur at vi som lag og klubb tek nye steg neste år!

Robin Hjelmeseth kom tilbake til moderklubben frå Elverum sommaren 2017 og vil bidra med erfaring og rutine inn i spelargruppa. Hjelmeseth kan bekle dei fleste rollene offensivt.

- Det er fint å ta juleferie og vite at alt er på plass. Den nye sesongen kan ikkje kome fort nok - gleder meg veldig. Sidan eg kom heim i 2017 har eg hatt ett mål for auge, og det er å bidra til at klubben klubben rykker opp. Så skal eg gi alt for at vi lykkast. God jul, Heia Hødd!

Hovudtrenar Kevin Knappen seier dette i ein kommentar:

- Vi er meget godt fornøyd med å kunne meddele at Preben også er med i 2020. Preben er en spiller med gode kvaliteter, lojal og gir alltid 100% for medspillere, klubb og supportere. Vi gleder oss til å ta nye steg sammen!

- Vi er veldig glad for å kunne meddele at Robin Hjelmeseth fornyer sin kontrakt med Hødd. En hardtarbeidende lokal spiller med hjertet i klubben, og som fortsatt har sulten i seg. 

Vi gratulerer Preben og Robin!

Annonse: