RONNY OSNES BLIR IKKJE MED VIDARE I HØDD

Vi takkar Ronny Osnes for samarbeidet og ønskjer lykke til vidare!

Ronny Osnes har vore tilsett i Hødd Fotball som trenar for keeperane meir eller mindre samanhengande i over 20 år. Dei siste åra har tilsettinga tilsvara ein stillingsstorleik på 50 prosent. Hovudfokuset til Ronny har vore arbeid kring a-laget, men han har også hatt opplegg for andre keeperar i klubben.

Etter nedrykket frå OBOS-ligaen i 2016 vart det tøffare økonomiske tider for klubben. Dette gjorde at ein i styret gjorde eit vedtak før sesongen 2018. Det går på at ein ønskjer å bruke like mykje midlar på ein a-stall, men ønskjer å spare på støtteapparat, administrasjon og på andre utgifter ein kan spare på. Dette førte til at klubben ikkje var i stand til å lenger tilby Ronny 50 prosent stilling utover 2017. Ronny og Hødd diskuterte om ei redusert stilling kunne vere aktuelt, men Ronny følte at han då ikkje kunne gjere ein skikkeleg jobb med keeperane inn mot dei andre spelarane og inn mot trenarteamet.

Vi i Hødd ser det sjølvsagt som beklageleg at vi ikkje kan halde fram det gode samarbeidet som før, men håper at vi har moglegheit til å ta det opp igjen ved ei seinare anledning.

Vi takkar Ronny Osnes for samarbeidet og ønskjer lykke til vidare!
Spørsmål kan rettast til dagleg leiar Oddmund Davik Otterlei på telefon 482 59 191.

Annonse: