ROBIN TILSETT I ADMINISTRASJONEN

Robin Hjelmeseth tilsett som økonomimedarbeidar i ei 50% stilling i administrasjonen i Hødd Fotball.

Hødd Fotball er svært godt nøgd med tilsettinga av Robin Hjelmeseth som økonomimedarbeidar i administrasjonen. Robin starta i jobben i februar og har brukt tida godt med å få opplæring med vårt rekneskapsbyrå Balanse Rekneskap. Målet på sikt er at Robin skal ta over alle oppgåvene til Balanse Rekneskap. 

HØDDVOLL ER EIN KJEMPEFIN ARBEIDSPLASS

- Eg er veldig stolt og audmjuk over å få moglegheita til å jobbe Hødd Fotball med noko som er relatert til mi utdanning. Å få moglegheita til å jobbe med økonomi i ein fotballklubb ser eg på som ein draumejobb, noko eg gleder meg veldig til i fortsetjinga. Eg vil takke styret og spesielt Per Arve som har gitt meg denne moglegheita. Høddvoll er ein kjempefin arbeidsplass. Vi i administrasjonen samarbeider veldig godt og trivast i lag, seier Robin. 

Robin har tatt ein bachelorgrad innan økonomi og administrasjon ved Høgskulen i Innlandet som han var ferdig med i 2017. Våren 2022 vil han vere ferdigutdanna siviløkonom. 

Er det spørsmål med faktura, treningsavgift eller andre økonomirelaterte spørsmål, så ta kontakt med Robin på telefon 48 20 26 23 eller e-post [email protected].

Med tilsettinga av Robin Hjelmeseth har Hødd Fotball fått ein ung, ambisiøs og lærevillig medspelar som er med på å styrke administrasjonen. 

Vi ynskjer Robin velkomen med på laget!

 

 

Annonse: