Retningslinjer for publisering av bilete og film

Viktig informasjon om retningslinjer for publisering av bilete og film.

Mange publiserer bilete kvar dag gjennom ulike sosiale medie-plattformar som Facebook, Instagram, Snapchat osv., men veit du kva lova seier rundt dette?

«Åndsverklova seier at dei som er tatt bilete av, har rett til å bestemme i kva grad og kva måte biletet skal brukast på».

Samtykke

Bilete av personar skal derfor ikkje leggast ut offentleg utan samtykke. Ønskjer ein å publisere bilete av barn må ein ha samtykke frå dei føresette.

Unntak av regelen

Åndsverklova § 45c og 46 beskriver fleire unntak frå reglane utan samtykke;

Aktuell og allmenn interesse
Om saka er aktuell og allmenn interesse, kan bilete publiserast utan samtykke. Kjendisar, politikarar og andre kjente personlegheiter som viser seg offentleg, er det altså fritt fram å fotografere.

Personen er mindre viktig enn hovudinnhaldet i biletet
Dersom du fotograferer en offentleg person, med en eller fleire personar i bakgrunnen, så kan ein publisere biletet utan samtykke. Samtykke er derfor ikkje nødvendig ettersom det er hovudpersonen som er motivet i biletet og ikkje personane bak.

Offentlege arrangement og forhold av allmenn interesse
Dersom du blir tatt bilete av på ein kamp, ei fotballturnering eller eit offentleg arrangement, så kan du ikkje motsette deg publisering. Det er vanleg å ta bilete på slike arrangement, og det er også frivillig å delta på.

Norges Idrettsforbund skriv dette om retningslinjene

Retningslinjer for publisering av bilder og film
I dag skjer det mye tilfeldig og ulovlig deling og publisering av bilder. Norges idrettsforbund minner derfor om hvilke regler som gjelder for publisering og videreformidling av bilder og film av våre medlemmer.

Idrettsforbundet har laget noen enkle retningslinjer for å bevisstgjøre trenere, utøvere, ledere, frivillige og foresatte av barn i idrettslag. Retningslinjene er utarbeidet på bakgrunn av de krav som stilles i personopplysningsloven og åndsverksloven.

Det er viktig å ha respekt for barn, unge og voksnes integritet og rett til personvern. Noen kan ha særlige grunner for at de ikke ønsker å bli tatt bilde av. I enkelte tilfeller kan bildedeling få uheldige konsekvenser dersom medlemmet for eksempel bor på hemmelig adresse. Uønsket publisering og deling kan føre til erstatningsansvar og straffeansvar ifølge personopplysningsloven og åndsverkloven.

Informer om retningslinjene!
Norges idrettsforbund oppfordrer alle idrettslag, idrettskretser og særforbund om å gjøre retningslinjene for publisering av bilder og film kjent i sin organisasjon.

Retningslinjene finn du også her!

Vi ber derfor om at ALLE tenkjer seg om før ein publiserer bilete eller video på internett eller sosiale-mediar. 

Kjelder

https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1961-05-12-2/KAPITTEL_6#§45c
https://ndla.no/nb/node/95100?fag=52222

Annonse: