Ragnhild Ertesvåg tilbake i Hødd-drakta

-Vi har eit godt utgangspunkt før haust-sesongen

Ragnhild Ertesvåg flyttar heim etter fire år i Bergen der ho har spelt for Sandviken og Åsane i 1.divisjon. Ragnhild var ein veldig sentral spelar for Hødd sitt damelag heilt fram til ho flytta sommaren 2014, og det er ei solid forsterking som no vender heim til Høddvoll. Hausten 2014 spelte ho for Sandviken som det året rykka opp til Toppserien, men frå 2015 har Ragnhild spelt for Åsane der ho fikk med seg 82 kampar og skora 9 mål. Spel for Sandviken og Åsane har vore kombinert med lærarstudie og det siste året som står att skal gjennomførast i Volda. 

Ragnhild gler seg veldig til å kome tilbake til Ulsteinvik og Hødd.

-Eg ser veldig fram til å få på meg Hødd-drakta igjen, og har høyrt mykje positivt om det som skjer rundt damelaget. Det blir ein tøff kamp om å vinne avdelinga, men vi har eit godt utgangspunkt før haust-sesongen med tre poengs leiing til Volda som ligg på 2.plassen. Målet må vere at vi kjem oss tilbake i 2.divisjon, seier den rutinerte midtbanespelaren. 

Utviklingsleiar Jesper Tõrqvist og Sportssjef Andrè Nevstad møtte Ragnhild på Høddvollhuset torsdag formiddag for ein prat og for å signere overgongsdokumenta.

-Det er veldig positivt å få Ragnhild tilbake, både fordi ho er ein veldig god fotballspelar, men også fordi ho er ei flott og positiv type som set høge krav til seg sjølv og dei rundt seg både i trening og kamp. 

Vi ønsker Ragnhild velkomen tilbake til Høddvoll!

Annonse: