PREVIEW: VIDAR - HØDD

Søndag kl. 15.00 er det duka for bortekamp i Rogaland. Vi møter Vidar på Lassa Gress i Stavanger!

Ny bortesiger mot Vidar?

Denne runda ventar Rogalands laget Vidar som kjempar om å halde seg i divisjonen. Hødd vann heile 3-0 på Lassa Gress i fjor og vi håper laget gjer jobben også søndag.

Det blir ingen enkelt kamp mot eit lag i poengnød, men vi satsar på Hødd viser sin styrke og tek med seg 3 poeng heim til Ulsteinvik! 

Om Vidar

Vidar er no inne i sin niande sesong i 2. divisjon på rad, noko som viser at dei har blitt eit stabilt lag på dette nivået. Etter opprykket i 2009 har dei variert mellom å vere nære nedrykksstreken og å vere med i toppen. Sjølv om dei på dei siste fem sesongane har vore berre ein plass over streken i to av sesongane, så har dei hamna på 4. plass dei tre andre gongane. Dette tyder på at dei varierer i prestasjonane, men at dei høyrer meir heime på øvre halvdel enn på nedre halvdel. Fjorårets sesong var svært god for Brede Hangeland sin moderklubb, det var m.a.o. ein av 4. plass-sesongane. Dei spelte i same avdeling som Hødd, og hamna både to plassar over og med to poeng meir. Vidar var eit svært underhaldande lag i 2017 der dei scora ”nest-mest” med 56 mål, men slapp samstundes inn 49 mål, noko som var ”femte-mest”. Dei var laget som scora mest på bortebane i heile avdelinga (27 mål), så dersom dei gjentek dei same prestasjonane på bortebane denne sesongen, så må Hødd passe litt på her. 

Vidar har av fleire blitt tippa ca. midt på tabellen, noko som er ein god del dårlegare enn førre sesong. Spådommen om at dei kjem til å gjere det dårlegare har hittil vore rett, men det har faktisk gått enda dårlegare enn venta. Forma i det siste har vore utslagsgivande, ettersom det har blitt poengtap i dei 7 siste kampane til Rogalandslaget. Sesongen starta nogenlunde bra, men den dårlege perioden dei er inne i no har sendt dei under streken. Dei har heile 5 poeng opp til trygg grunn, så det ser mørkt ut for Vidar. 

Spelarprofilar på Vidar

Førre sesong var ikkje forsvaret ”forca” til Vidar, og det har den heller ikkje vore i år. Sjølv om keeper Bjarte Egeland er ein trygg og god keeper, så verkar det ikkje som om han har klart å spreie det vidare til resten av forsvaret. Danielsen og Randulff på backane spelar begge med mykje intensitet, energi og angrepsvilligheit. Dette har nok fort gått utover den defensive prestasjonen til laget. Midtstopparane Berntsen og Høvring er begge svært målfarlege på dødball. Kaptein Berntsen har faktisk scora 13 mål på dei siste to sesongane. Det er eigentleg litt merkeleg at Vidar er der dei er, for dei har jo på papiret eit ganske bra lag. Det defensive alibiet sentralt på midtbana er Andreas Westlye. Han er flink til å lese spelet og er duellsterk. I tillegg er han pasningssikker. 

Over til dei meir offensive spelarane, og sentralt på midtbana finn vi ein kjenning frå ein klubb i Romsdal. El Hadji Makhtar Thioune var ein essensiell del av Molde-laget som vann Tippeligaen i 2011, og han viste mot oss sist at han fortsatt har ”det” (assist på korridorfrispark). På kantane finn vi Thomas og Steffen Jakobsen. Dei er begge raske og farlege på kontringar. Thomas er svært ung og kom i sommar etter å ha herja for Viking 2 i 3. Divisjon. Sjå opp for han! I 10ar rolla får vi fort sjå Martin Haaland frå start. Han har mykje erfaring på dette nivået, og kjem til å ta ansvar for kreativitet framover. På topp kjem Jostein Ekeland til å spele. Han starta sesongen mest som kantspelar, men har etter kvart spelt seg til spissrolla. Han har scora 2 mål hittil i sesongen.

FOTO: ARNE FLATIN, HØDD FOTBALL / HØDD - VIDAR 20.05
FOTO: ARNE FLATIN, HØDD FOTBALL / HØDD - VIDAR 20.05

Om kampen

Det er ein svært viktig kamp som spelast på søndag. Vi kjempar i kvar vår ende av tabellen, men vi har til felles at vi må ha ein siger frå denne kampen – noko som er eit bra utgangspunkt for ein fotballkamp. Då vi møttest i vår hadde vi leiinga lenge før Vidar scora rett før slutt på ein dødball. Dei har enkeltspelarar som kan gjere spektakulære ting, så det er viktig å sette seg sjølve i ein posisjon der ein ikkje kan bli utsatt for noko slikt. Vi haldt fram rekka utan tap etter kampen mot Egersund, men kampen var eit valdsamt antiklimaks. To kjappe mål på slutten gjorde at det vart poengdeling, og vi kjem til å vere revansjelystne på siger! Vidar vil naturlegvis prøve å bryte den lange rekkja utan siger. 

Vi satsar på at dei ”blåkvite” kjem sigrande ut av oppgjeret, og heng med i kampen mot opprykk. Køyr på, Hødd!

3-0 siger til Hødd på Lassa Gress i fjor


Korleis kan eg sjå eller følgje kampen live?

Vi håper dei som er i området tek turen på kamp å støttar dei blåkvite til 3 poeng!

Kampen blir også streama på Sunnmørsposten og Vikebladet.

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P
1 Brattvåg Brattvåg 3 2 0 1 8 3 5 6
2 Viking 2 Viking 2 3 2 0 1 8 6 2 6
3 Arendal Arendal 3 2 0 1 4 3 1 6
3 Jerv Jerv 3 2 0 1 4 3 1 6
5 Brann 2 Brann 2 3 2 0 1 7 7 0 6
6 FK Eik Tønsberg 871 FK Eik Tønsberg 871 3 1 2 0 5 4 1 5
7 Sotra Sotra 3 1 2 0 3 2 1 5
8 Vard Haugesund Vard Haugesund 3 1 1 1 4 3 1 4
9 Fløy-Flekkerøy Fløy-Flekkerøy 3 1 1 1 5 5 0 4
10 Ørn Horten Ørn Horten 3 1 0 2 4 4 0 3
11 Lysekloster Lysekloster 3 1 0 2 4 6 -2 3
12 Kvik Halden Kvik Halden 3 0 2 1 3 8 -5 2
13 Hødd Hødd 3 0 1 2 4 6 -2 1
14 Notodden Notodden 3 0 1 2 1 4 -3 1

KAMPFAKTA

  • POSTNORD-LIGAEN 2018 AVD. 2

  • HØDDVOLL

  • 09.09.2018 KL. 15:00

Annonse: