PREVIEW: TROMSDALEN - HØDD

Laurdag spelar Hødd borte mot Tromsdalen i PostNord-ligaen avd.1. Kampstart kl. 18.00!

Etter ein flott start på sesongen der vi vann 2-1 heime mot Moss på Høddvoll har det blitt eit knepent tap borte mot Fredrikstad og uavgjort sist heime mot Kjelsås. Hødd står derfor med 4 poeng etter dei tre første serierundene i PostNord-ligaen. Det er eit Hødd-lag som reiser oppover og jaktar årets første 3 poengar borte! 

Tromsdalen opna sesongen svakt med å tape dei to første seriekampane. Først vart det tap 1-0 borte mot Alta og i andre serierunde måtte dei sjå seg slått av Senja 1-2 på TUIL Arena. I tredje serierunde løsna det skikkeleg for Tromsdalen når dei slo Florø heile 1-4 på bortebane. Eit sterkt resultat og kanskje eit signal til resten av laga i divisjonen at dei er på gong. Uansett jaktar Tromsdalen årets første 3 poengar på heimebane og vi møter derfor eit heiltent heimelag.

Les deg opp om kampen her!

HUSEBØ: - VIKTIG Å SLEPPE OSS ENDA MEIR LAUSE

Jens Husebø, det er klart for ein ny bortekamp mot Tromsdalen. Kva forventa du av Tromsdalen, og kva moglegheiter tenker du Hødd må utnytte laurdag?
- Eg forventa eit Tromsdalen lag som er solide og er sterke i den fysiske delen av spelet. Eg forventa også at dei vil bygge vidare på den sterke bortesigeren sist, så vi må analysere dei godt og bli klare på truslar og moglegheiter. Eg tenker vi må utnytte det faktumet at vi har vore solide defensivt til no og i tillegg blir det viktig å sleppe oss enda meir lause offensivt.
 
Kva ynskjer du at Hødd-laget skal forbetre frå førre kamp mot Kjelsås?
- Eg håpar og trur vi skal klare å senke skuldrane vore enda meir og sprudle mykje meir offensivt. Vi er ein gjeng med gode fotballspelarar, det må vi vere klar over. Eg ynskjer også å sjå oss vere mykje farlegare på offensiv dødball, det har vi potensial til!
 

HILL: - VI RESPEKTERER HØDD, MEN FRYKTAR DEI IKKJE

. Vi er veldig glade for å få vår første bortesiger denne sesongen mot eit godt Florø-lag under veldig vanskelege forhold. Eg trur det er første gang på veldig lenge at TUIL har vunne borte på gras. Trenarteamet er veldig godt nøgde med disiplinen og haldningane til laget som reiste til Florø. Vi tek med oss mykje positivt frå førre kamp mot Florø og dette viser at vi er på rett veg.

- Vi ynskjer no Hødd velkomne. Dei er plassert på 8. plass og ligger på plassen over oss med ein siger og ein uavgjort. Det er ein klubb med tradisjonar og vil kome til Tromsdalen der dei forventar ein tøff kamp. Vi veit sjølve at dette vil bli ein tøff kamp. Vi respekterer Hødd, men frykter dei ikkje, spesielt ikkje heime på TUIL Arena, seier hovudtrenar Jonathan Hill i dagens kampprogram.

Les heile kampprogrammet til Tromsdalen her!

HØGDEPUNKT FLORØ - TROMSDALEN


Vi trur Tromsdalen startar med dette laget i laurdagens heimekamp mot Hødd. Etter ein god prestasjon og eit godt resultat borte mot Florø sist, så trur vi ikkje på dei store endringane i startoppstillinga. Vi møter her eit heimelag som jaktar årets første 3 poengar heime på TUIL Arena. 

Tromsdalen var før sesongen tippa som eit av laga som ville blande seg inn i toppskjiktet. Det blir derfor spanande å sjå korleis årets utgåve av Tromsdalen vil prestere i PostNord-ligaen. Vi trur Tromsdalen vil vere blant dei 7 laga som spelar sluttspel om opprykk til hausten.  

I 2019 enda laget heilt sist i OBOS-ligaen og med sine 13  poeng enda laget desidert heilt sist i OBOS-ligaen. Tromsdalen scora i fjor 36 mål og slapp inn 79 mål. 

Historisk sett har det vore tette oppgjer mellom Tromsdalen og Hødd. Oppgjera mot Tromsdalen inneheld som regel mykje mål og kan vi forvente ein målrik kamp også laurdag? 

Hødd vann førre gang dei gjesta Tromsdalen og då reiste Hødd heim med 3 poeng etter 2-3 siger på bortebane. 

Innbyrdes oppgjer (siste 4 kampar)
20.07.2014: Tromsdalen - Hødd 2-3
13.04.2014: Hødd - Tromsdalen 1-1
30.09.2012: Hødd - Tromsdalen 4-3
28.05.2012: Tromsdalen - Hødd 3-2
 

BLI MED I MÅLKLUBBEN!

Trykk her for meir informasjon!

SLIK SER DU KAMPEN LIVE

Hødd Fotball og Brygga Sportsbar har inngått samarbeid på felles arrangement på kampdagar. Ta derfor turen til Brygga!

Kampen kan du også sjå direkte på Sunnmørsposten og Vikebladet sine nettsider.

TROPP

Marco Priis Jørgensen, Ole Monrad Alme, Ramzi Toure Idrissou, Jens Husebø, Joakim Wrele, Emil Solnørdal, Netan Sansara, Bendik Rise, Tobias Bjørnebye, Eirik Franke Saunes, Paul-Henri Moussinga, Simon Silverholt, Melvin Frithzell, Robin Hjelmeseth, Robin Shroot, Bam Phudithip.

Vi ynskjer laget lykke til i bortekampen mot Tromsdalen! 

KAMPFAKTA

  • POSTNORD-LIGAEN 2020 AVD. 1

  • TUIL ARENA

  • 01.08.2020 KL. 18:00

Annonse: