PREVIEW: SKEID - HØDD

Søndag kl.14.00 er det duka for definisjonen på ein toppkamp i PostNord-ligaen. Dei ”blåkvite” reiser til Oslo for å møte tabelleiar Skeid.

Toppkamp på Nordre Åsen

Søndag er det duka for eit skikkeleg toppoppgjer på Nordre Åsen når Hødd møter Skeid kl. 14.00. Les meir om søndagens motstandar under!

Om Skeid

Skeid er ein av dei mest tradisjonsrike klubbane i Oslo-området, og vart stifta 1. januar 1915. ”Storheitstida” deira var på 50- og 60-talet då dei vann serien og cupen fleire gongar. På 80-talet gjekk det dårlegare og dei rykka heilt ned til 3. divisjon, men klarte å kome seg opp igjen på øvste nivå på 90-talet. Deretter gjekk det nedover igjen og klubben har bytta på å vere i 1., 2. og 3. divisjon. I 2013 rykka dei opp frå 3. divisjon og har vore i 2. divisjon sidan. Dei har då hamna på 7., 9., 3. og 5. plass, og har vist litt framgang dei to siste åra sett under eitt. Fjorårets sesong bestod av, som med klubbens historie elles, av djupe dalar og høge toppar. Dei såg ut som opprykksfavoritten etter ein svært god start der dei slo HamKam (som rykka opp) 4-0, men tre tap på rad og varierande form gjorde at den draumen vart knust. Dei slapp inn 27 mål, noko som er gode tal, men scora kanskje litt lite med sine 42 mål. Heimeforma deira var mykje av problemet, då dei tapte heile 5 kampar på Nordre Åsen.

Skeid har, av mange, blitt tippa å kjempe blant dei fem beste i avdelinga, men har ikkje blitt tippa som nokon av dei største opprykksfavorittane. I denne rekordtette avdelinga er det Skeid som har tatt føringa framfor alle andre. Dei står med 19 poeng, 1 meir enn Hødd, og har vist seg som eit svært bra lag. Dei har faktisk berre tapt 1 kamp denne sesongen, og den var mot Vålerenga i cupen. I likskap med oss, slo dei Brattvåg med 4 mål i Brattvåg, og slo Vidar med ein solid 3-0-siger før det igjen. Sterke sigrar mot Vard Haugesund (5-0) og Sandefjord (3-0 i cupen) viser at Skeid er eit lag som definitivt må takast på alvor. Dei har scora mest av alle med 21 mål, og har slept inn minst med berre 4 mål. Skeid er eit topplag.

Spelarprofilar på Skeid

”I buret” har Skeid vore nøydde til å erstatte ein av avdelinga sine beste keeperar i Idar Lysgård, og hittil er det Emil Fiskvik som har ”tatt opp hansken” etter den gode målvakten. Fiskvik er god med ball og til å dirigere forsvaret, men har kanskje litt å gå på ”på streken”. Skeid har selt fleire spelarar til OBOS-ligaen i vinter, men det ser ut som om dei har klart å erstatte dei på ein god måte. Sulayman Bojang har sin gjennombrotssesong og ser ut til å vere ein særs god back. Broren til Palermo-backen Haitam Aleesami, Ayoub, spelar i midtforsvaret og er tryggheita sjølv. Tvillingane Kim og Tom Skogsrud gjer opp resten av forsvarsrekka til Skeid. Kim er generalen i midtforsvaret, medan Tom er ein offensiv back.

På midtbana er det Moa Mahnin som styrer ”showet”. Han har blant anna herja med Molde i cupen, og var så god at han fekk trene med dei ei stund. Han har ein enormt god teknikk, og kjem til å spele på høgare nivå enn dette neste år, anten det er med Skeid eller ikkje. Indreløparane Henning Andersen og Hassan Yusuf er også svært gode. Andersen er meir ”box to box”, medan Yusuf får det kreative ansvaret på midtbana.

Fremst på bana har Skeid kvalitetsspelarar. Stian Pettersen har tidlegare spelt som (ving)back, men har blitt flytta fram denne sesongen, og det med stor suksess. Han vart avgjerande mot Vidar då han scora hat-trick. På den andre kanten finn vi Mesut Can. Han er eigentleg ein spiss, men har blitt flytta ut til kant i 4-3-3-formasjonen. Med fart og målteft har han levert ein strålande sesong hittil. På topp har Skeid ein av divisjonen sine beste spissar i David Tavakoli. Han er ein ”target man” og er svært god til å avslutte, i tillegg til å vere vanskeleg å spele mot. Plassering i feltet er også ein av spesialitetane hans. Skeid har mange strengar å spele på framover, noko som viser igjen i at dei har 4 spelarar som har scora 4 mål eller meir hittil i sesongen.

Om kampen

Skeid har vunne alle sine 4 kampar på heimebane i ligaen hittil, medan vi kun har eitt tap på bortebane. Vi er i svært god form. Vi haldt Bodø/Glimt til straffesparkkonkurranse i cupen onsdag, og har tre strake sigrar mot gode lag som Bryne, Arendal og Brattvåg i ligaen. I cupkampen mot Glimt var vi dessutan svært nære på å ta oss vidare til kvartfinale. Skeid har ein fordel i at dei har fått ei midtveke utan kamp, medan vi har spelt 120 minutt i Bodø. Dette kan spele ei rolle, men vi får håpe at breidda i troppa gjer at vi merkar minst muleg til det. Det blir artig å møte Tom Nordlie & co til toppkamp på Nordre Åsen. Vi håper at laget er ekstra motiverte etter det sure tapet mot Bodø/Glimt onsdag. Ein skikkeleg toppkamp der vi håper Hødd fortsett den gode forma! Køyr på, Hødd!

Korleis kan eg sjå eller følgje kampen live?

Blåsarane reiser fredag kveld til Oslo med buss for å støtte laget mot Skeid. Vi håper også at dei som bur eller er i Oslo søndag kjem på kamp!

Billetter kjøpes i portene på Nordre Åsen på kampdag. Du kan betale med kort og kontant. For meir informasjon, sjå her!

Kampen blir også streama på Sunnmørsposten og Vikebladet (For abonnent).  

Det vil også bli oppretta ein kamptråd der ein kan følgje dei viktigaste hendingane frå kampen.

KAMPFAKTA

  • POSTNORD-LIGAEN 2018 AVD. 2

  • NORDRE ÅSEN

  • 17.06.2018 KL. 14:00

Annonse: