PREVIEW: SENJA - HØDD

Laurdag spelar Hødd borte mot Senja i PostNord-ligaen avd.1. Kampstart kl. 16.00!

Etter dei fire første serierundene står Hødd med 5 poeng. Hødd har møtt god motstand i starten på sesongen, noko vi har sett i alle kampane som har vore jamnspelte. 

Hødd (første 4 kampar)
11.07.2020: Hødd - Moss 2-1
18.07.2020: Fredrikstad - Hødd 1-0
26.07.2020: Hødd - Kjelsås 0-0
01.08.2020: Tromsdalen - Hødd 0-0
 

No ventar ny kamp borte mot Senja laurdag, eit lag som sist tapte 3-1 borte mot Brattvåg. Eit heiltent Hødd-lag reiser no nordover og jaktar årets første 3 poengar borte mot Senja! 

Senja opna sesongen med å tape knepent 1-2 heime mot Kjelsås. I andre serierunde tok laget ein sterkt siger borte mot Tromsdalen der Senja vann 2-1. Etter dette har det blitt tap 3-1 både mot Moss heime og Brattvåg borte i førre serierunde. 

Les deg opp om kampen her!

WRELE: - VI VEIT KVA SOM MÅ TIL FOR Å LYKKAST

Ny bortekamp mot Senja laurdag. Korleis har treningsveka vore og kva kan vi forvente i morgondagens bortekamp mot Senja?
-  Vi har hatt ei bra treningsveke der vi har jobba med dei områda vi ynskjer å forbetre og alle i laget har stor motivasjon til å hente heim 3 poeng borte mot Senja! Vi veit kva som må til for å lykkast, samtidig som vi framleis skal ha god defensiv struktur i laget. Det har sett bra ut både offensivt og defensivt under treningane og vi reiser berre opp til Senja for å få med oss 3 poeng, noko vi verkeleg ser fram til! Samtidig som vi veit at på bortebane ikkje alltid er enkelt, så vi må jobbe steinhardt for å lykkast med det vi ynskjer.

 

HØGDEPUNKT BRATTVÅG - SENJA


Senja var før sesongen tippa som eit av laga som ville vere på nedre halvdel av tabellen. Laget står med 3 poeng etter dei første 4 serierundene.   

I 2019 enda laget på ein 11. plass i PostNord-ligaen avd. 2 med 27 poeng. Senja scora i fjor 31 mål og slapp inn 47 mål.

BLI MED I MÅLKLUBBEN!

Trykk her for meir informasjon!

SLIK SER DU KAMPEN LIVE

Hødd Fotball og Brygga Sportsbar har inngått samarbeid på felles arrangement på kampdagar. Ta derfor turen til Brygga!

Kampen kan du også sjå direkte på Sunnmørsposten og Vikebladet sine nettsider.

TROPP

Bam Phudithip, Ramzi Toure Idrissou, Eirik Franke Saunes, Martin Mork Breivik, Paul-Henri Moussinga, Bendik Rise, Jens Husebø, Joakim Wrele, Netan Sansara, Robin Hjelmeseth, Simon Texas Silverholt, Emil Solnørdal, Sindre Kleiven, Preben Sætre, Ole Monrad Alme, Tobias Bjørnebye.

Vi ynskjer laget lykke til i bortekampen mot Senja! 

KAMPFAKTA

  • POSTNORD-LIGAEN 2020 AVD. 1

  • SENJA STORHALL

  • 08.08.2020 KL. 16:00

Annonse: