PREVIEW: NARDO - HØDD

Laurdag kl. 13.00 er det duka for årets siste seriekamp. Vi reiser til Trondheim og Nissekollen Stadion, og sikrar 2. plassen og kvalifisering med siger her.

Blåsarane på tur

Blåsarane er på veg til Trondheim for å støtte dei blåkvite til 3 poeng!

Om Nardo

Trondheimsklubben er ein kjend skikkelse i 2. divisjon. Dei har spelt på nivået sidan 2009, så ein kan kalle dei for ein stabil 2. divisjonsklubb. Mellom 1997 og 2008 veksla dei på å spele i 2. og 3. divisjon, medan storheitstida til klubben var mellom 1992 og 1996. I 1992 rykka dei for første gong opp til 1. divisjon og året etterpå var dei berre 5 poeng frå å rykkje opp til dåverande Tippeligaen. Dei haldt seg på nest øvste nivå fram til 1996 då dei rykka ned att. I fjor var det fleire som spådde at Nardo kom til å rykkje ned frå 2. divisjon, men med eit botnsolid forsvar klarte dei å halde seg oppe. Ein ”flying start” der dei vann 6 av sine 7 første kampar gjorde også at plassen var bortimot sikra tidleg i sesongen. Framover på bana scora dei nest minst, så ein ser at forsvarsspelet er den klare styrka til Roar Strand sin tidlegare klubb.

Hittil i sesongen har ”visa” vore ganske som forventa for Nardo. Dei ligg akkurat no på ein 10. plass og har 30 poeng. Dei har fire poeng ned til nedrykk, noko som betyr at dei er trygge før den siste kampen. Dette kan vere til stor hjelp for oss. Nardo vann 4-1 borte mot Brattvåg i førre kamp, noko som er svært sterkt. Dei vann derimot ikkje nokon av dei fire kampane før Brattvåg-kampen. Dei har eit sterkt forsvar og har slept inn lite mål i forhold til tabellposisjonen (42 mål), men framover på bana har det gått ”trått”. Dei har berre scora 31 mål, noko som er nest minst, og er berre meir enn den soleklare tabelljumboen Vard Haugesund. Det kan m.a.o. bli ein ”tight” kamp laurdag føremiddag.

Spelarprofilar på Nardo

Målvakt Henrik Bakke har erfaring frå Levanger og OBOS-ligaen, og har vore kanskje Nardo sin beste spelar sidan han kom til fjorårets sesong. Gode refleksar og reaksjonar er spesialitetane hans, og han er ein spelar som fortener fleire sjansar på høgare nivå. På høgrebacken finn vi hurtigtoget Jørgen Solli. Han har 1 kamp for Rosenborg, og er ein viktig spelar for dette laget. Han pådrog seg ei skade i pre-season, men har spelt seg inn i laget og tilbake til form igjen. Midtstopparparet Vebjørn Vinje og Lars Arne Togstad er nykomponert, ettersom begge kom til årets sesong. Vinje kom frå bynabo Byåsen, medan Togstad kom frå collegefotball i USA. Dei måtte tilpasse seg kvarandre i første halvdel av sesongen, men det verkar som om dei har klart å finne kvarandre. På venstrebacken finn vi ein ekte Nardo-gut i Marius Sandvik. Han er ein ung gut som har sementert plassen sin i laget.

På midtbana finn vi to indreløparar i Bendik Lysvåg og David Strandin. Lysvåg er ein ung student som er med på å tilføre laget energi sentralt på bana. Strandin kom frå Fredrikstad i vinter, men fekk aldri sjansen for a-laget deira. Det har han derimot gjort for Nardo og har vist seg som ein spennande spelar. Metronomen på midtbana er Rosenborg-spelar Anders Trondsen sin bror, Eirik. Han liknar ein god del på broren i spelestilen, og har ein god pasningsfot og er god på å lese spelet. Lenger framme på bana, nærare bestemt på høgrekanten, finn vi Christoffer Engan, lagets toppscorar både i fjor og i årets sesong. Han utgjer ein måltrussel vi vert nøydde å passe på. På den andre kanten finn vi Amund Vingelen, også ein spelar som tidlegare har vist at han har ei nase for mål. Fremst på bana finn vi Jonas Frøner. På dei to siste sesongane har han notert seg for 55 mål i 3. divisjon, men har berre klart å score to mål denne sesongen. Dette kan nok ha noko med at sjølve laget ikkje scorar mykje mål.

Om kampen

Vi vert nøydde å ta tre poeng i denne kampen for å vere heilt sikre på å ta 2. plassen og dermed spele kvalifisering om opprykk. Nardo kjem frå ein råsterk bortesiger mot Brattvåg og har nok klart å løfte sjølvtillitsnivået, etter å ikkje ha vunne på fire kampar før det. Vi såg frå kampen vår mot dei på Høddvoll tidlegare i år at ein definitivt ikkje skal ta lett på dei, og at dei er eit lag som kan skape trøbbel for alle. Vi har ikkje tapt på våre fire siste kampar, og gutane er svært motiverte for å avslutte sesongen på best mogleg vis, nemleg med opprykk. Det er strålande at Blåsarane tek turen til Nissekollen for å støtte laget, og dei kjem definitivt til å utgjere ein forskjell. Heia Hødd!

Korleis kan eg sjå eller følgje kampen live?

Blåsarane er på tur og vil gi laget solid støtte i kampen!

Vi håper også dei som er i området tek turen på kamp å støttar dei blåkvite til 3 poeng!

Kampen blir også streama på Sunnmørsposten og Vikebladet.
Under kampen mellom Hødd 2 og KBK2 vil vi også sende kampen live på storskjerm frå kl. 13.00.

KAMPFAKTA

  • POSTNORD-LIGAEN 2018 AVD. 2

  • NISSEKOLLEN STADION

  • 27.10.2018 KL. 13:00

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P
1 Brattvåg Brattvåg 3 2 0 1 8 3 5 6
2 Viking 2 Viking 2 3 2 0 1 8 6 2 6
3 Arendal Arendal 3 2 0 1 4 3 1 6
3 Jerv Jerv 3 2 0 1 4 3 1 6
5 Brann 2 Brann 2 3 2 0 1 7 7 0 6
6 FK Eik Tønsberg 871 FK Eik Tønsberg 871 3 1 2 0 5 4 1 5
7 Sotra Sotra 3 1 2 0 3 2 1 5
8 Vard Haugesund Vard Haugesund 3 1 1 1 4 3 1 4
9 Fløy-Flekkerøy Fløy-Flekkerøy 3 1 1 1 5 5 0 4
10 Ørn Horten Ørn Horten 3 1 0 2 4 4 0 3
11 Lysekloster Lysekloster 3 1 0 2 4 6 -2 3
12 Kvik Halden Kvik Halden 3 0 2 1 3 8 -5 2
13 Hødd Hødd 3 0 1 2 4 6 -2 1
14 Notodden Notodden 3 0 1 2 1 4 -3 1

Annonse: