PREVIEW: HØDD - VIDAR

Søndag spelar Hødd ny heimekamp i PostNord-ligaen når Vidar gjestar Høddvoll. Kampstart kl. 18.00!

Svært god veke for Hødd

Etter ei tøff veke med tre kampar på få dagar har laget tatt 4 poeng på to seriekampar og i tillegg avansert til 4. runde i NM etter at Eliteserielaget Kristiansund BK vart slått ut.

Det må seiast å vere meir enn godkjent og vegen opp til serieleiar KFUM er også kun på 3 poeng. Kampen mot Vidar blir derfor svært spanande å følgje.

Vi håper mange kjem på kampen søndag å støttar laget!

Du kan lese meir om morgondagens motstandar Vidar her!

Om Vidar

Vidar er no inne i sin niande sesong i 2. divisjon på rad, noko som viser at dei har blitt eit stabilt lag på dette nivået. Etter opprykket i 2009 har dei variert mellom å vere nære nedrykksstreken og å vere med i toppen. Sjølv om dei på dei siste fem sesongane har vore berre ein plass over streken i to av sesongane, så har dei hamna på 4. plass dei tre andre gongane. Dette tyder på at dei varierer i prestasjonane, men at dei høyrer meir heime på øvre halvdel enn på nedre halvdel. Fjorårets sesong var svært god for Brede Hangeland sin moderklubb, det var m.a.o. ein av 4. plass-sesongane. Dei spelte i same avdeling som Hødd, og hamna både to plassar over og med to poeng meir. Vidar var eit svært underhaldande lag i 2017 der dei scora ”nest-mest” med 56 mål, men slapp samstundes inn 49 mål, noko som var ”femte-mest”. Dei var laget som scora mest på bortebane i heile avdelinga (27 mål), så dersom dei gjentek dei same prestasjonane på bortebane denne sesongen, så må Hødd passe litt på her.

Vidar har av fleire blitt tippa cirka midt på tabellen, noko som er ein god del dårlegare enn førre sesong. Dei har hatt ein akseptabel, men ikkje fantastisk, start på sesongen med to sigrar, ein uavgjort og to tap. Dei to tapa kom i dei to første kampane mot KFUM og Vålerenga 2, to ganske gode lag, men dei fekk etter kvart ”ting på stell” og har ikkje tapt dei tre siste ligakampane. Dei spelte uavgjort mot Brattvåg i førre runde, medan sigrane kom borte mot Egersund og heime mot Bryne. To svært sterke sigrar med andre ord! Vidar har -2 i målforskjell, med 6 mål for og 8 imot, men dei har hatt eit svært tøft kampprogram.

Berntsen - uavgjort mot Brattvåg et greit resultat

- ”Jeg synes uavgjort er et greit resultat. Vi hadde hver vår omgang, men det var ikke mange sjansene. Brattvåg var gode i 1. omgang, bedre enn oss, men vi kom sterkere etter pause. Da kunne vi avgjort kampen på store sjanser, men en seier ville vært et ran.”, sa lagkaptein Daniel Berntsen etter kampen mot Brattvåg.

Førre sesong var ikkje Vidar sin spesialitet å forsvare seg, og hittil i sesongen er det vanskeleg å sjå om det har betra seg, men det skal litt til for å sleppe inn like mykje som dei gjorde førre sesong.

Spelarprofilar på Vidar

Keeper Bjarte Egeland er tryggheita sjølv ”i buret” og er ein erfaren målvakt. Midtstopparparet har også mykje rutine, og er svært farleg på dødball. Kaptein og sjef i midtforsvaret Daniel Berntsen har faktisk scora 13 mål på dei siste to sesongane. Sideback Emil Randulff har spelt på alderbestemte landslag, medan Bjørnar Holmvik har vore ein skikkelse på øvste nivå for blant anna Stabæk og Brann. Han har ein svært god venstrefot, så ein bør passe på å ikkje la han legge for mange innlegg.

Sentralt på midtbana har Vidar det ein kan kalle eit ”radarpar”. Andreas Westlye er Vidar sin Sergio Busquets. Han er god til å lese spelet, i tillegg til å vinne mange duellar. Han er også svært påliteleg med svært liten feilprosent. El Hadji Makhtar Thioune er eit velkjend namn for dei som har følgt med på norsk fotball dei siste åra. Han var ein sentral del av det fantastiske Molde-laget som for første gang vann ligaen i 2011 i 100-års-jubileumet til klubben. Han har hatt sine sinneutbrot og er kjend for å kunne vere ganske irritabel, men han kan vere ein fantastisk spelar når han ”har dagen”. Overblikk, intensitet og målfarleg er orda som lettast kan skildre midtbanegeneralen til Vidar.

Framover på bana leverte Vidar svært godt førre sesong. Kantspelaren Vetle Hellestø har vore innom Sandnes Ulf, men fekk ikkje heilt sjansen der. Han skal vere meir enn god nok på dette nivået. Martin Håland er ein av Vidar sine kreative spelarar og tek plass i ”10ar-posisjonen”, i tillegg til å ha mykje erfaring på dette nivået. Spiss Martin Hummervoll leverte ein svært god sesong i fjor, der han scora imponerande 16 mål. Han har berre scora eitt mål hittil i sesongen, men vil nok score ein god del meir litt etter litt.

Om kampen

Begge lag kjem frå eit uavgjortresultat mot henhaldsvis Egersund og Brattvåg, og er nok lystne på å kome tilbake på vinnarsporet. Hødd har ikkje tapt sidan kampen mot KFUM og hadde tre sigrar på rad før kampen mot Egersund. Vidar var også i god form før uavgjort kampen mot Brattvåg. Dersom ein ser vekk ifrå tapet mot Sandnes Ulf i cupen, hadde dei to sigrar på rad mot god motstand. Vidar var laget som scora mest mål på bortebane i avdelinga i fjor, så ein skal definitivt ikkje ta lett på dei.

Kampen er altså ganske open. Hødd har ikkje tapt på heimebane endå denne sesongen, til trass for å møte motstand både ein og to divisjonar over. Det lovar for ein særs underhaldande og kvalitetsmessig god fotballkamp.

Vi håper at Hødd viser kvifor dei er eit topplag denne sesongen, og tek tre nye poeng!

Korleis kan eg sjå eller følgje kampen live?

Kampen er heilt klart best å sjå live på stadion og vi håper du sett av eit par timar på Høddvoll søndag kveld for å støtte dei blåkvite til nye 3 poeng! 

Kampen blir også streama på Sunnmørsposten og Vikebladet for dei som ikkje har anledning til å ta turen til Høddvoll. 

Vi vil også opprette ein kamptråd på Facebook og Twitter med laupande oppdatering frå kampen.

I tillegg vil vi legge ut bileter frå før, under og etter kamp på Snapchat, Facebook og Instagram. 

Etter kampen vil det bli lagt ut videohøgdepunkt frå kampen.

Dagens kampsponsor

Annonse: