PREVIEW: HØDD - SKEID

Søndag kl. 18.00 er det duka for toppkamp på Høddvoll! Vi tek imot Skeid til ein kamp der vi bør ha tre poeng for å henge med i kampen om opprykk.

Om Skeid

Skeid er ein av dei mest tradisjonsrike klubbane i Oslo-området, og vart stifta 1. januar 1915. ”Storheitstida” deira var på 50- og 60-talet då dei vann serien og cupen fleire gongar. På 80-talet gjekk det dårlegare og dei rykka heilt ned til 3. divisjon, men klarte å kome seg opp igjen på øvste nivå på 90-talet. Deretter gjekk det nedover igjen og klubben har bytta på å vere i 1., 2. og 3. divisjon. I 2013 rykka dei opp frå 3. divisjon og har vore i 2. divisjon sidan. Dei har då hamna på 7., 9., 3. og 5. plass, og har vist litt framgang dei to siste åra sett under eitt. Fjorårets sesong bestod av, som med klubbens historie elles, av djupe dalar og høge toppar. Dei såg ut som opprykksfavoritten etter ein svært god start der dei slo HamKam (som rykka opp) 4-0, men tre tap på rad og varierande form gjorde at den draumen vart knust. Dei slapp inn 27 mål, noko som er gode tal, men scora kanskje litt lite med sine 42 mål. Heimeforma deira var mykje av problemet, då dei tapte heile 5 kampar på Nordre Åsen.

Skeid har, av mange, blitt tippa å kjempe blant dei fem beste i avdelinga, men har ikkje blitt tippa som ein av dei største opprykksfavorittane. Det siste tipset har dei gjort til skamme. Dei hang bra med lenge før dei verkeleg har satt opp farta på den andre halvdelen av sesongen. Dei er verkeleg inne i toppform med fire sigrar på rad. Dei har klart best målforskjell (+29), faktisk 10 mål betre enn den nest beste. Skeid er også saman med Egersund det laget som har slept inn minst mål (21) i årets PostNord-liga. Laget styrer ikkje så mange av kampane sine, men kjem ofte på hurtige overgangar og utnyttar ubalanse i motstandarlaget.

Spelarprofilar på Skeid

”I buret” har Skeid kanskje avdelingas beste keeper i Idar Lysgård. Han drog frå klubben i vinter til Kongsvinger, men kom tilbake i sommar og har skaffa tilbake plassen på laget. På høgreback finn vi Stian Pettersen. Ein hurtig spelar som kan spele både back, vingback og kant, og som dermed er svært god å ha i stallen p.g.a. si anvendelegheit. Saman med han på høgresida i forsvaret finn vi Ayoub Aleesami, broren til den meir kjende Haitam Aleesami. Ayoub er trygg i spelestilen og er ei viktig brikke for laget. På venstresida av forsvaret finn vi tvillingane Kim og Tom Skogsrud. Kim er generalen i midtforsvaret, medan Tom er ein offensiv back som fossar framover på sida.

På midtbana er det Moa Mahnin som styrer ”showet”. Han har blant anna herja med Molde i cupen, og var så god at han fekk trene med dei ei stund. Han har ein enormt god teknikk, og kjem til å spele på høgare nivå enn dette neste år, anten det er med Skeid eller ikkje. Indreløparane Henning Andersen og Hassan Yusuf er også svært gode. Andersen er meir ”box to box”, medan Yusuf får det kreative ansvaret på midtbana.

På høgresida har Johnny Per Buduson sementert plassen sin. Han har erfaring frå både Eliteserien med Haugesund, og OBOS-ligaen med Fredrikstad. Han er ein verkeleg god spelar som har forsterka laget. På den andre kanten finn vi Mesut Can. Han er eigentleg ein spiss, men har blitt flytta ut til kant i 4-3-3-formasjonen. Med fart og målteft har han levert ein strålande sesong hittil. På topp har Skeid ein av divisjonen sine beste spissar i David Tavakoli. Han er ein ”target man” og er svært god til å avslutte, i tillegg til å vere vanskeleg å spele mot. Plassering i feltet er også ein av spesialitetane hans. Skeid har mange strengar å spele på framover, noko som har bidrege til suksessen deira denne sesongen.

Om kampen

Vi håper gutane held fram som i den gode kampen mot Arendal og tek 3 poeng og knappar innpå Skeid sitt forsprang. Avstanden er nok for stor med tanke på 1. plassen, men Skeid har to tøffe kampar etter kampen mot oss i Bryne og Arendal.  Ingenting er derfor avgjort, men 3 poeng blir uansett viktig med tanke på kampen om kvalikplassen. Skeid er eit godt lag, men dette er vår heimebane og her skal vi vise at vi er eit betre lag enn gjestane!

Vi håper at du møter opp og støttar gutane til tre viktige poeng på søndag ettermiddag. Køyr på, Hødd!

1-1 mot Skeid på Nordre Åsen

Korleis kan eg sjå eller følgje kampen live?

Kampen er heilt klart best å sjå live på stadion og vi håper du sett av eit par timar på Høddvoll søndag for å støtte dei blåkvite til nye 3 poeng! 

Billett til kampen kan du kjøpe her!

Kampen blir også streama på Sunnmørsposten og Vikebladet for dei som ikkje har anledning til å ta turen til Høddvoll. 

Vi vil også opprette ein kamptråd på Facebook og Twitter med laupande oppdatering frå kampen.

I tillegg vil vi legge ut bileter frå før, under og etter kamp på Snapchat, Facebook og Instagram.

Dagens kampsponsor

KAMPFAKTA

  • POSTNORD-LIGAEN 2018 AVD. 2

  • HØDDVOLL

  • 07.10.2018 KL. 18:00

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P
1 Arendal Arendal 0 0 0 0 0 0 0 0
2 Brann 2 Brann 2 0 0 0 0 0 0 0 0
3 Brattvåg Brattvåg 0 0 0 0 0 0 0 0
4 FK Eik Tønsberg 871 FK Eik Tønsberg 871 0 0 0 0 0 0 0 0
5 Fløy-Flekkerøy Fløy-Flekkerøy 0 0 0 0 0 0 0 0
6 Hødd Hødd 0 0 0 0 0 0 0 0
7 Jerv Jerv 0 0 0 0 0 0 0 0
8 Kvik Halden Kvik Halden 0 0 0 0 0 0 0 0
9 Lysekloster Lysekloster 0 0 0 0 0 0 0 0
10 Notodden Notodden 0 0 0 0 0 0 0 0
11 Sotra Sotra 0 0 0 0 0 0 0 0
12 Vard Haugesund Vard Haugesund 0 0 0 0 0 0 0 0
13 Viking 2 Viking 2 0 0 0 0 0 0 0 0
14 Ørn Horten Ørn Horten 0 0 0 0 0 0 0 0

Annonse: