PREVIEW: HØDD - MOSS

Laurdag tek Hødd imot Moss til årets første seriekamp i PostNord-ligaen 2020. Kampstart kl. 16.00!

Endeleg er det klart for seriestart etter ei uvanleg lang oppkøyring. No er laget godt førebudd og klare til å ta imot Moss til årets første serierunde i PostNord-ligaen. Her vil du finne det meste av informasjon til kampen, samt intervju med hovudtrenar Kevin Knappen og spelar Joakim Wrele.

Les deg derfor opp til kampen her!

BILLETTINFORMASJON

Alle som har kjøpt billett på nett eller Høddvollhuset viser fram billetten ved inngangen. Dette gjeld dei som har private sesongkort på hovudtribunen og Blåsarane sine sesongkort på ståtribunen.

Alle andre som har registrert seg via ulike registreringsskjema møter også opp ved inngangen og vaktene vil då krysse av namnet ditt i lista. Dette gjeld frivillige, sponsorar, spelarar, fotballstyret, osv. Alle som har vore inne å registrert seg på førehand. Vaktene har oppdaterte lister ved inngangane. 

Det er ikkje mogleg å kjøpe billett på kampdag inntil vidare.

TIPPEKONKURRANSE HØDD - MOSS

Historisk sett er oppgjera mot Moss ofte målrike, noko som også skjedde i fjorårets sesong der det vart skora heile 9 mål på to kampar mellom laga. Hødd vann først 4-2 heime på Høddvoll og tapte deretter 2-1 på Melløs stadion på hausten. Kan vi vente mykje mål mellom laga i årets første seriekamp?

No kan du tippe resultatet i kampen mellom Hødd og Moss. Alle som tippa rett resultat er med i trekninga av ei fruktkorg sponsa av vår samarbeidspartnar Rema 1000. Siste frist for å tippe er laurdag kl. 16.00! Trykk her for å bli med på Tippekonkurransen!

KNAPPEN: - VI SKAL JAKTE MARGINAR

Fortel litt om tida du har vore i Ulsteinvik så langt?

- Det har vore spesielle tider, men mottakinga har vore god. Barn og vaksne trivst, men la oss snakke om fotball…

Kan du sei litt om utfordringane vi hadde under Corona? Kva positive ting kan vi ta med oss frå den perioden?

- Sjølv om vi har hatt litt ferie, spelarar som har vore permitterte, så har vi fått jobba godt med litt anna arbeid. Til dømes studiar inn mot eige lag og motstandarar. Vi har hatt tid til å førebu oss godt på mange områder, men det vi ikkje har fått er den samanhengande oppkøyringa med treningskampar. I tillegg har ikkje spelarane vore like tilgjengelege heile tida som dei ville vore i ein normalsituasjon.

No er det endeleg seriestart etter tidenes lengste «pre-season». Kva forventningar har du til laget og kva skal kjenneteikne Hødd-laget i 2020?

- Trøkk, aggressivitet, samhold. Ei uredd og offensiv innstilling til det meste. Det håpar eg vi skal sjå! Alt handlar om leggje ned jobben og vi må jakte marginar. Alle kampane i denne divisjonen er stort sett jamne, men jobbar du hardare enn motstandaren, så får du fleire marginar mot deg. Dei som jobbar hardast vil stort sett kome lengst. Det skal vere vondt å kome hit til Høddvoll!

Har du ei lita oppmoding til Hødd-publikummet?

- Lag liv og røre. Hei fram Hødd-laget, alltid og uansett. At vi alle står saman og står opp for kvarandre.

JOVIC: - GOD KONTROLL I GENERALPRØVA

Hovudtrenar for Moss Marijo Jovic sa dette på Moss si heimeside etter generalprøva mot VIF 2 førre fredag.

- Vi trengte 10 minutt for å juster oss til å spele på ei så rask bane som Intility Arena, og etter det synst eg vi hadde god kontroll. Vi prioriterte å gi speletid til spelarar som er aktuelle i troppen mot Hødd om ei veke – men vi sparte samtidig Fagernes, Klaussen, Aarstrand og Skårn som alle har slite med diverse i det siste. Laget spelte med ei god innstilling, og Fredrik Wasenius framheva seg med eit mål og ein assist. Eg likte også oppspelet og assisten til Agwa på det andre målet vårt.

- Vi er no svært nærme sesongstart, og vi legger no opp til ei veke som forhåpentlegvis gir oss godt fokus og energi inn mot kampen i Ulsteinvik.

SPONSORPROFILERING

Saka held fram etter sponsorpresentasjonen.


WRELE: - VI SKAL JOBBE HARDT FOR KVARANDRE

Fortel litt om verdas lengstre «pre-season»?

- Ein lang og veldig rar «pre-season» der den har vore delt inn i eigne individuelle treningar og fellesøkter. Men vi har stått på bra og alle i laget har eit sterkt ynskje om å slå bra frå seg og når ein elskar fotball, så har «pre-season» ikkje vore noko problem!

Endeleg seriestart! Kva forventningar har du til laget i dagens kamp mot Moss?

- Eg forventa å sjå eit Hødd-lag som er skikkeleg svoltne på å vise seg fram frå si beste side! Vi skal sjå igjen det vi har trena på og vere eit fotballag som ofrar alt for kvarandre der ute på bana. Eit godt strukturert kollektivt der vi alle jobbar hardt for kvarandre. Og så skal vi ha det veldig kjekt ute på Høddvoll!

Kva håpar du skal kjenneteikne laget i 2020?

- Vi skal vere eit lag med god struktur og samhandling. Vi skal vise at hardt arbeid er utgangspunktet for å få dei resultata ein ynskjer. Samtidig skal vi vise oss fram som gode fotballspelarar og rollemodellar som er stolte av å få sjansen til å spele for Hødd.

BLI MED I MÅLKLUBBEN!

Trykk her for meir informasjon!

SLIK SER DU KAMPEN LIVE

Hødd Fotball og Brygga Sportsbar har inngått samarbeid på felles arrangement på kampdager. Får du ikkje billett så ta turen til Brygga.

Alle bortekamper vises også på Brygga. Vi sjåast på Høddvoll og Brygga!

Kampen kan du også sjå direkte på Sunnmørsposten og Vikebladet sine nettsider.

TROPP

Ole Monrad Alme, Marco Priis Jørgensen, Sindre Kleiven, Emil Solnørdal, Bam Phudithip, Ramzi Toure, Paul-Henri Moussinga, Johannes Sundgot, Jens Husebø, Netan Sansara, Joakim Wrele, Martin Mork Breivik, Bendik Rise, Eirik Franke Saunes, Robin Hjelmeseth, Robin Shroot, Melvin Frithzell, Preben Sætre.

Vi ynskjer laget lykke til i kampen mot Moss!

DAGENS KAMPSPONSOR


KAMPFAKTA

  • POSTNORD-LIGAEN 2020 AVD. 1

  • HØDDVOLL

  • 11.07.2020 KL. 16:00

Annonse: