PREVIEW: HØDD - KJELSÅS

Laurdag 20. oktober er det duka for årets siste heimekamp i det ordinære ligaspelet. Vi tek imot Kjelsås i ein kamp vi må ha tre poeng.

Om Kjelsås

Kjelsås er eit erkeekte 2. divisjonslag. Dei har spelt i divisjonen samanhengande sidan nedrykket frå 1. divisjon i 2001. Dei har dei siste åra enda litt over midten på tabellen, omtrent rundt 6. plass. I 2014 var dei i nærleiken av eit opprykk med ein sterk 2. plass. Fjorårets sesong var kanskje litt skuffande i forhold til dei andre sesongane, ettersom Oslo-laget enda på ein 8. plass. Den defensive delen var ganske bra, men framover på bana var det mangel på kreativitet og mål. Med 34 mål var dei det femte minstscorande i avdelinga. Året før var dei også blant dei som scora lite mål, så dette er tradisjonelt sett eit område dei har slite på.

Sesongen kan delast i to for Oslo-laget. Vårsesongen var svært bra der dei var med som eitt av fire lag i toppen då det berre skilde eitt poeng mellom laga. Dei hadde god balanse mellom angrep og forsvar, noko ein kunne lese utifrå målforskjellen deira. Haustsesongen har det gått verre med. Sidan vi slo dei 0-2 på bortebane i juli, har dei berre vunne to kampar i ligaen. Dette har naturlegvis gjort at dei ikkje har klart å henge med i toppen, noko det såg ut som dei skulle gjere før i sesongen. Deira fem siste kampar består av tre tap og to uavgjort, så det er ikkje eit lag i form vi møter laurdag ettermiddag.

Spelarprofilar på Kjelsås

Som målvakt kjem tidlegare landslagsspelar i futsal, Erik Sivertsen, til å spele. Han har mykje erfaring og rutine, samstundes som han har gode refleksar og kattemjuke redningar. Sivertsen er ein av dei beste målvaktene i avdelinga. På høgrebacken finn vi hurtigtoget Tega George. Han vart kjøpt inn frå Grorud i vinter og har forsterka laget. I midtforsvaret finn vi ein ung duo i Jesper Taaje og Sigurd Martinussen. Begge er tidleg i 20-åra, men har likevel stått fram og spelt som erfarne 29-åringar. Taaje kjem frå Hallingdal, medan Martinussen er Kjelsås-gut tvers gjennom. Ola Bjørnland på venstrebacken er ei god gamaldags ”potet” som kan spele i fleire posisjonar på bana. Hans anvendelegheit er svært nyttig for stallen, og for augneblinken er det han som opptek venstrebackplassen.

På høgrekanten finn vi Magnus Aasarød. Han har tidlegare spelt for Nardo, og der gjorde han sakene sine svært bra. Han kom til Kjelsås for to år sidan, og han har rukke å bli utnemnt til kaptein og er ein av deira viktigaste spelarar. Han har god teknikk, samstundes som han har ei nase for mål. Ein annan spelar vi må sjå opp for er den sentrale midtbanespelaren Jesper Solli. Den tidlegare Vålerenga-junioren er eit uromoment med raske retningsforandringar og høg frekvens på beina. I tillegg er han god med ball, noko som gjer han svært uhyggeleg å møte. Dette er ein spelar som kjem til å spele på høgare nivå i næraste framtid. Saman med Solli på midtbana finn vi Mortadha Alkanany, ein primært offensivt anlagd spelar. Han er kreativ og har gode tekniske ferdigheiter, ikkje ulikt Philippe Coutinho i spelestilen, berre at han spelar litt meir sentralt og djupare i bana. På venstrekanten er det Lyn-guten Axel Pedersen som har sementert startoppstillinga. Før sesongen vart han rekna som ein ”squad player”, men han har vist seg verdt å starte.

Heilt framme på bana finn vi avdelinga sin beste spiss; nemleg Walid Idrissi. Han er toppscorar med 15 mål hittil saman med to andre og må ”haldast i sjakk” dersom vi skal ha sjansar for 3 poeng i denne kampen. Han er stor og sterk, og spelar dermed som eit oppspelspunkt. Han har gode bevegelsar i ”boksa” og kan avslutte på mange forskjellige måtar. Ikkje heilt ulikt Harry Kane i spelestilen. Saman med Idrissi er det sannsynleg at Midtjylland-spelaren Gustav Wikheim sin bror, Viktor, kjem til å spele. I likskap med broren er han eit hurtigtog med gode dribleferdigheiter. Han er eit uromoment vi blir nøydde å passe på.

Om kampen

Dette må nok bli siger om vi fortsatt skal ha sjans til å hamne på kvalik-plass. Kjelsås er inne i ei dårleg periode med fem kampar utan siger, medan vi ikkje har tapt på våre tre siste kampar. Då vi møtte dei tidlegare i år gjekk vi sigrande ut med eit flott resultat på bortebane, mot eit lag som på det tidspunktet kjempa heilt i toppen. Per no ligg dei på 8. plass og er på trygg grunn, noko som gjer saken litt enklare. Dei som ligg i nedrykkssumpen er alltid vanskelegare å møte på denne tida av sesongen, men det slepp vi heldigvis med Kjelsås. Vi satsar på at gutane byggjer vidare på førre heimekampen mot Skeid der vi vann 2-1.

Møt opp og støtt gutane til tre nye poeng!

Korleis kan eg sjå eller følgje kampen live?

Kampen er heilt klart best å sjå live på stadion og vi håper du sett av eit par timar på Høddvoll laurdag for å støtte dei blåkvite til nye 3 poeng! 

Billett til kampen kan du kjøpe her!

Kampen blir også streama på Sunnmørsposten og Vikebladet for dei som ikkje har anledning til å ta turen til Høddvoll. 

Vi vil også opprette ein kamptråd på Facebook og Twitter med laupande oppdatering frå kampen.

I tillegg vil vi legge ut bileter frå før, under og etter kamp på Snapchat, Facebook og Instagram.

Dagens kampsponsor

Samling i Ulsteinhallen etter kampen

Etter kampen inviterer vi alle inn i Ulsteinhallen. Her blir det presentasjon av årets kretsmeistarar som i år er:

G14, G16, dame-rekrutt og damelaget.

A-laget entrar scena etter dette og her blir det intervju med Sindre og spelarar på A-laget. 

Blåsarane vil også dele ut prisen for årets Blåsar og til slutt blir det diverse kåringar før vi avsluttar programmet for dagen. 

Programmet er ferdig seinast 18.30!

Velkomen!

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P
1 Viking 2 Viking 2 2 2 0 0 5 2 3 6
2 Arendal Arendal 2 2 0 0 3 1 2 6
3 Sotra Sotra 2 1 1 0 2 1 1 4
4 Brattvåg Brattvåg 2 1 0 1 6 3 3 3
5 Vard Haugesund Vard Haugesund 2 1 0 1 3 2 1 3
6 Ørn Horten Ørn Horten 2 1 0 1 2 1 1 3
7 Fløy-Flekkerøy Fløy-Flekkerøy 2 1 0 1 3 3 0 3
8 Jerv Jerv 2 1 0 1 2 2 0 3
9 Brann 2 Brann 2 2 1 0 1 4 5 -1 3
10 FK Eik Tønsberg 871 FK Eik Tønsberg 871 2 0 2 0 1 1 0 2
11 Hødd Hødd 2 0 1 1 3 4 -1 1
12 Notodden Notodden 2 0 1 1 1 2 -1 1
13 Kvik Halden Kvik Halden 2 0 1 1 1 6 -5 1
14 Lysekloster Lysekloster 2 0 0 2 2 5 -3 0

Annonse: