PREVIEW: HØDD - KFUM

Laurdag ettermiddag tek Hødd imot KFUM til nok ein svært viktig heimekamp. Nummer 1 og nummer 4 på tabellen møtest til dyst!

Toppkamp på Høddvoll!

Laurdag ettermiddag tek Hødd imot KFUM til toppkamp på Høddvoll! Vi håper mange tek turen laurdag for å støtte laget til nye 3 poeng. 

Det blir ein svært spanande kamp mellom serieleiar Hødd og KFUM som er plassert på 4. plass.

Bli med å støtt laget laurdag!

Om KFUM

KFUM har vore i 2. divisjon dei siste 10 sesongane, utanom ein liten ”svipptur” innom 1. divisjon i 2016. Dei har altså vore eit stabilt bra 2. divisjonslag. Fjorårets sesong enda med 7. plass i avdeling 1 med 34 poeng. Dei hamna dermed ein plass under Hødd i ei anna avdeling med 6 poeng mindre, men det var fortsatt ganske jamngode sesongar frå laga. Dei scora 43 og slapp inn 39 mål, noko som er alminnelege tal. Ettersom mange spelarar frå fjorårets lag la opp etter sesongen, så har KFUM satsa på unge spelarar frå eigen juniorstall til denne sesongen. Dei har også henta diverse spelarar frå nærområdet og stallen ser ut til å ha god breidde.

Dei har av mange blitt tippa litt over midt på tabellen denne sesongen, og det kan sjå ut som om det har vore ein god spådom. Dei starta sesongen forrykande og leia avdelinga lenge, men har i det siste hatt ei dårleg formkurve. Dei har ikkje vunne sine 4 siste kampar, og 5-0-tapet for Egersund svei litt ekstra for hovudstadslaget. Dei har 24 poeng etter 15 spelte kampar, altså 7 poeng bak oss. Dei er m.a.o. ein del av den tette utfordrargruppa frå 3. – 7. plass. Der skil det berre 3 poeng mellom nummer 3 og nummer 7. KFUM har scora like mange mål som oss (28 mål), men har også slept inn mest blant topp 6 (21 mål). Dei er eit svært godt lag, men kanskje ikkje heilt godt nok til å rykkje opp.

Spelarprofilar på KFUM

I mål har KFUM eller ”Kåffa”, som dei også blir kalla, Knut André Skjærstein, som tidlegare har erfaring frå Follo. På backplassane er det Marius Brevig og Dadi Dodou Gaye som blir føretrekt. Brevig er anvendeleg og kan spele mange stadar på bana, medan Gaye er svært offensiv i stilen og elskar å kome på overlapp, og deretter slå gode innlegg. I midtforsvaret er Jørgen Hammer generalen. Han er ”limet” og ein naturleg leiar i laget. Ved sidan av seg har han Mansour Gueye som tidlegare har spelt for tabellnabo Skeid. På den defensive midtbana finn vi fotballsmarte Robin Rasch. Han dikterar spelet og er svært god på å vende spelet. Med ein god og presis fot er Rasch ein av dei mest komplette midtbanespelarane i avdelinga. Saman med han finn vi Lars Larsen, nok ein spelar som kan spele i fleire roller.

Litt lenger framme på bana finn vi nokre svært gode spelarar. Kaptein Stian Sortevik er fort heile 2. divisjons beste spelar. Han har vore innom Hønefoss og Stabæk, og spelte der i den dåverande Tippeligaen. Før det hadde han ei fireårsperiode i KFUM og scora heile 54 mål på 154 kampar. Etter å ha vore på Noregs øvste nivå kom han tilbake i 2015 og har briljert sidan. Han er fysisk robust, har eit godt driv med ball og er fotballklok. Saman med han finn vi dei driblesterke vingane Yannis Moula og Fisnik Kastrati. Dei er kvikke og spelar med høg intensitet. Heilt framme på bana finn vi Moses Mawa, toppscoraren i laget. Han har scora 8 mål (like mange som vår toppscorar, Markus Naglestad) og har levert ein bra sesong hittil. Han blir skildra som direkte, kvikk og uforutsigbar.

Om kampen

Dette blir ein svært viktig kamp for å feste grepet om opprykket endå meir, samstundes som ein kan skape større distansar til laga som ligg rett under. Tapet mot Nardo viste seg heldigvis berre som ein ”slip up” og ikkje ein formdipp, ettersom vi har slått tilbake med to sigrar etter den kampen. Vi kjem m.a.o. inn i kampen med sjølvtillit og god form. KFUM på si side har ikkje vunne sidan 23. juni, og har rett og slett ikkje vore spesielt gode i det siste. Vi må utnytte at dei ikkje er heilt i form, men ein skal likevel vere svært påpasseleg. KFUM er trass alt eit svært godt fotballag. Vi gler oss uansett masse til kamp og håper at du tek turen for å støtte laget til 3 poeng laurdag ettermiddag på Høddvoll. Heia Hødd!

Korleis kan eg sjå eller følgje kampen live?

Kampen er heilt klart best å sjå live på stadion og vi håper du sett av eit par timar på Høddvoll laurdag ettermiddag for å støtte dei blåkvite til nye 3 poeng! 

Billett til kampen kan du kjøpe her!

Kampen blir også streama på Sunnmørsposten og Vikebladet for dei som ikkje har anledning til å ta turen til Høddvoll. 

Vi vil også opprette ein kamptråd på Facebook og Twitter med laupande oppdatering frå kampen.

I tillegg vil vi legge ut bileter frå før, under og etter kamp på Snapchat, Facebook og Instagram.

Dagens kampsponsor

KAMPFAKTA

  • POSTNORD-LIGAEN 2018 AVD. 2

  • HØDDVOLL

  • 18.08.2018 KL. 17:00

Annonse: